Folkemusikk logo
Logo

Erlend Viken utforskar møtet mellom norsk og sørasiatisk folkemusikk

30. oktober gir Erlend Viken ut albumet «Mellom fjell» på ta. Her møter norske feletradisjonar rytmar og klanglandskap frå Nepal og India.

F.h. Anders E. Røine - langeleik, munnharpe, gitar, Sanskriti Shrestha - tablas og singing bowls, Erlend Viken - feler og vokal Mikael Marin -viola og violoncello da spalla. Foto: Karstein Grønnesby.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

På albumet «Mellom fjell» utforskar Erlend Viken møtet mellom norsk folkemusikk og musikalske tradisjonar frå Nepal og India. Erlend Viken har mellom anna vunne Landskappleiken i fele og Introfolk. Som komponist har han skrive bestillingsverk for mellom andre Lillehammer litteraturfestival, Festspillene i Nord-Norge og Ultima-festivalen.

I dette prosjektet har Viken med seg den nepalesiske tablaspelaren Sanskriti Shrestha, som han har samarbeidd med ved fleire høve. Saman har dei utforska norske feletradisjonar i møte med taktartar og rytmemønster frå tablastradisjonane i Sør-Asia.

Då Viken komponerte musikken til «Mellom fjell» for Oslo World, henta han mellom anna inspirasjon frå sarangi, eit strykeinstrument som blir brukt i nepalesisk folkemusikk. På innspelinga har han og Shrestha fått med seg Anders E. Røine og svenske Mikael Marin.

Viken spelar fele, medan Shrestha bidreg med tabla og klangskåler. Ho arbeider elles i skjeringspunktet mellom nepalesisk og indisk musikk, jazz og elektronika, og er mellom anna leiar for ensemblet Avatar og medlem av Bugge Wesseltofts New Conception of Jazz.

Anders E. Røine bidreg med langeleik, munnharpe, gitar og vokal. Han er kjend frå duoen Sudan Dudan og bandet Reolo, og har gjennom ei årrekkje arbeidd med både tradisjonsmusikk og nye musikalske uttrykk. Mikael Marin, som spelar bratsj og cello da spalla på plata, er medlem av den svenske folkemusikkgruppa Väsen og har også arbeidd som komponist, produsent og arrangør for ei rekkje artistar og ensemble.

I ei konsertmelding i Ballade vart musikken skildra som eit møte mellom melodi og rytme, med ein meditativ og nærast transeaktig kvalitet. Meldinga trekte fram korleis musikken førte lyttarane inn i eit musikalsk landskap mellom to kontinent, ulike røyndomar og kulturarvar.

«Mellom fjell» blir gitt ut på ta 30. oktober.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024