Styret i Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris bed publikum sende inn forslag til potensielle mottakarar av prisen i år.

To tidlegare vinnarar av minneprisen, f.v. Kine Svori (2014) og Kjersti Kindingstad Vågen (2016). (Foto: Erling Moxnes)

Sidan 2007 har prisen blitt delt ut til unge hardingfelespelarar frå Vestlandet, skriv Bergen ungdomslag Ervingen på nettsida si. Prisen vart oppretta til minne om den unge hardingfeleutøvaren Audhild Flaktveit Moxnes, som omkom i ei trafikkulukke i Bergen i 2004.

Målet med prisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele for dei unge, og med det syte for varig interesse for spelet. Personen som blir tildelt prisen skal vere ein lovande utøvar på hardingfele frå Vestlandet og falle innunder aldersspennet til C-klassa på kappleik.

I år skal prisen på 15.000 kroner delast ut på Vestlandskappleiken i Granvin, som blir arrangert frå 8. til 10. oktober.

Forslag til mottakarar kan sendast til Bergen ungdomslag Ervingen innan 17. september.