I snart 30 år har hardingfelespelaren Even Tråen komponert slåttar. Mange av dei er i bruk i Numedal i dag, og no tel han godt over 100 komposisjonar. 43 av dei er med i den første notesamlinga han no har gjeve ut.

På midten av 1990-talet var det Landskappleiken i Vågå, og der var Even Tråen og kona innlosjerte hos nokre vener. Verten i huset gjekk rundt og plystra på «Bessleiken», og Tråen tenkte at det var ein slått det hadde vore moro å lære seg. Han fekk slåtten på hjernen, og tilbake i Numedal sette han seg til å spele denne. Han lærte den etter kvart bort til spelemannslaget, og fortel at han levde på denne slåtten ein periode, for han syntest den var så fin.

Då han etter ei tid skulle tilbake til Vågå og spele i 50-årslag reiste han seg opp under middagen og ville helse jubilanten med nettopp «Bessleiken». Han spelte, og så fekk han høyre kraftige ord frå nokon lokale folkemusikkjennarar: «Den var luggum, men det var ikkje ‘Bessleiken’. Det der er noko du har funne på sjølv.»

Notesamlinga til Even Tråen blir distribuert gjennom Etnisk musikklubb. Fotografiet på omslaget har Ingvar Moi teke. «Han fanga eit fantastisk kveldslys over Bjornesfjorden midt inne på Hardangervidda for tre år sidan,» fortel Tråen om fotoet.

– Eg fekk meg ein dram eller to og tenkte at dette var veldig deprimerande og at eg hadde fart med løgn i laget heime, fortel Tråen.

Men brått snudde det.

– Viss eg har funne på den slåtten sjølv, så må eg jo vere komponist, hugsar eg at eg tenkte. Og å vere komponist er jo gjævt. Men éin komposisjon er ikkje rare greiene.

Så då bar det heim frå Vågå ein gong til, og i Rollag venta eit oppdrag til nokre venner som skulle gifte seg. Då sette Tråen seg ned og laga ein bruremarsj. Andre komposisjonen hans var eit faktum, og no var han i gang.

– Dei andre i laget likte denne, og eg blei oppmuntra av dei til å bruke den og til å lage fleire. Og etter det kom den eine etter den andre. No har eg laga bortimot 120 slåttar.

«Eg ventar til det kjem ei melodilinje eller ein rytmefigur, og så tek eg det opp på telefonen og let det ligge. Men ofte kjem det gjerne eit heilt vek.»

Melodiane må komme naturleg

I dag blir Even Tråen ofte beden om å lage bruremarsjar til folk som skal gifte seg. Då set han seg til og speler. Men å konstruere slåttar, er ikkje noko han driv med.

– Eg ventar til det kjem ei melodilinje eller ein rytmefigur, og så tek eg det opp på telefonen og let det ligge. Men ofte kjem det gjerne eit heilt vek. Eg prøver å ikkje sette meg ned og konstruere. Det er best at det kjem av seg sjølv. Det er gjerne slik at om det kjem eit vek, så kjem det neste også, fortel han.

Dersom han kjem på eit vek ein kveld og det neste ikkje kjem, er det vanskeleg å kome vidare, synest Tråen. For at han skal få til ei heil forteljing i slåtten, er det best at alt kjem samstundes. Fleire gonger har han opplevd at store ting i livet har blitt bearbeidd gjennom musikken.

– For ein del år sidan døydde onkelen min. Då eg høyrde om dødsfallet gjekk eg opp i andre etasje i spelerommet mitt og sette meg til å spele der. Utav ingenting kom det ein springar på tre vek. Eg tok den opp på telefonen, og dagen etter då eg høyrde på den, var det som at eg høyrde onkel bryne ljåen. Han var ein meister med stuttljå. Slåttane mine er ofte eit resultat av ei sinnstemning. Fela er der alltid, og den er god å ha, seier Tråen.

Lokal lansering

Det har gått snart 30 år sidan Tråen var på Landskappleiken i Vågå og kom heim og litt på slump blei slåttekomponist. Nå er boka hans klar og til sals. I oktober var det tredobbelt slepp i Numedal: Utanom boka til Tråen, blei også plata til munnharpespelar Thov Wetterhus og songboka til Åsne Bergset lansert for fullt hus i Norehallen.

I boka er det notar på 43 av slåttane Even Tråen har laga, i tillegg til dikt han har skrive. Det er også fleire måleri i boka, signert Ingvar Moi. Han har også utvikla det grafiske. Even Grimelid ved Folkemusikksenteret i Buskerud har laga QR-kodar som følgjer med kvar note, så ein kan gå inn der og høyre opptak med Tråen som spelar slåtten samstundes som ein følgjer med på notane.

Nedteikninga av slåttane er det John Ole Morken som står for. Sidan ålbyggen flytta til Buskerud for 10 år sidan, har han kjent Even Tråen. Tråen hadde sett boka Morken var med å gje ut om Anders Haugen, og det var då han kom inn på tanken om å få han til å skrive ned notar til komposisjonane han sjølv hadde laga.

«Even er original i slåttane sine, og dei føyer seg inn i tradisjonen. Slåttane har allereie blitt del av numedalsklangen, sidan spelemannslaget bruker dei ganske mykje.»

John Ole Morken

Eigen signatur i slåttane

Det meste av Tråens sjølvkomponerte repertoar er på nedstilt, noko som ikkje er så vanleg i Numedal. Der er det oppstilt bass som blir mest bruka. Sjølv om Even Tråen er den spelemannen frå Numedal som truleg har produsert flest nye slåttar, føyer han seg inn i rekka etter nokre andre spelemenn frå dalføret som gjorde det same. Mellom anna laga Anders Olsen frå Flesberg mange slåttar.

– Ein tradisjon skal famne breitt og få med både det enkle og det vanskelege. Dette er noko Even får til, fortel John Ole Morken.

– Even er original i slåttane sine, og dei føyer seg inn i tradisjonen. Dei fleste tradisjonar har nokon som lagar noko nytt, og slåttane til Even har allereie blitt del av numedalsklangen, sidan spelemannslaget bruker dei ganske mykje, seier Morken.

Han har funne ut at Tråen har ein signatur i slåttane sine, i form av eit grep han ofte bruker.

– Han set ofte ned tredjefing på ters mot låg andrefing på kvarten og får då eit kvartgrep som det ikkje er så ofte du høyrer. Det er ein slags signatur for Even, seier Morken.

Sjølv om ein del grep er notert i notane, har Morken utelatt ein del for at det ikkje skal bli for mykje. Notesamlinga er såleis bruksverk heller enn analyseverktøy, fortel han.

Lærte notar på lærarskulen

Even Tråen kan lese notar, men seier det ville tatt altfor lang tid om han skulle ha skrive ned slåttane sine sjølv. Han lærte notar då han tok musikk som fag på lærarskulen på Notodden i si tid. Han hadde spelt med Gjermund Haugen, og då han skulle velje lærar på hovudinstrumentet, spurde han om Haugen hadde lyst. Det ville han – men då Tråen kan kom tilbake til musikkseksjonen, sa dei at hardingfele ikkje var noko ein kunne ha som hovudinstrument. Då måtte han ta fiolin i staden, og dermed blei det turar til Seljord og timar med Håvard Mo, son av Eivind Mo.

– Det var moro å lære av Mo, sjølv om det var trist at Gjermund Haugen som hardingfelelærar glapp, fortel Tråen.

Even Tråen spelar fele stort sett kvar dag. Det er berre om hausten i den mest hektiske jaktsesongen at fela ligg eit par dagar. Og han lærer seg stadig nye ting. Nå held han på med nokre nyoppdaga voksrullopptak frå Numedal. Elles har han bruka hardingfeleverket mykje for å tileigne seg nye slåttar.

Kombinasjonen av notar og opptak meiner Tråen er ideell. Det er også grunnen til at han har valt å gjere det slik i si eiga bok.