Kvar søndag i advent går eit nytt program frå FolkOrg på lufta. I programserien AdventFolk får sjåarane med seg stort og smått frå rundt om i landet, samt intervju og livemusikk innspelt ved landslina i folkemusikk på Vinstra.

– Ideen til programma er eit resultat av at det ikkje har vore Landskappleik eller Landsfestival i år. Så me ville lage litt koselig adventsstemning til folket vårt, fortel Liv Annette Nygjerdet, som saman med Sina Myhr og Solfrid Nestegard Gjeldokk utgjer prosjektgruppa i FolkOrg.

Av alle ideane dei drøfta for gjennomføringa av prosjektet, landa dei på at det var fint å samarbeide med folkemusikklina ved Vinstra vidaregåande skule. I programma er det elevar på folkemusikklina som er i fokus i dei musikalske innslaga, ispedd nokre bidrag frå lærarane. Rammene for sendinga er også spelt inn på Vinstra, og det er Thomas Nilssen og Camilla Granlien, begge styremedlemmer i FolkOrg, som er programleiarar.

Bidrag frå heile landet

Lag og enkeltpersonar over heile landet har sendt inn bidrag til programma. Og det har kome mykje godt stoff, seier Nygjerdet:

– Me kunne sikkert har fylt to timar kvar gong!

Bygdedansar frå heile landet er eit fast innslag i sendingane, og det same er Kjellbjørn Karsruds adventsnøtter.

Utover på søndagssendingane vil det bli avslørt kven som blir kåra til årets lokallag og årets eldsjel, ein pris som er ny av året. I første episode blei Gransherad spel- og dansarlag, Bærum spellemannslag og Bergen Ungdomslag Ervingen – Bergen juniorspelemannslag nominert til årets lokallag, medan Frode Rolandsgard, Harald Omnes og Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr blei nominerte til årets eldsjel.

I det siste programmet før jul får sjåarane også vite kven som er nye heidersmedlem i FolkOrg.

– I tillegg blir det mykje fin julesong og fine musikalske innslag frå landslina, seier Nygjerdet.

Godt samarbeid med Vinstra

Nygjerdet roser samarbeidet med landslina og lineleiar Vegard Moshagen. Ho seier at elevane også verker fornøgde med opplegget, og at det har vore spennande og lærerikt for dei å vere med i studio.

– Elevane er superflinke og veldig snille og engasjerte folk. Noko av ønsket vårt med å ha sendingane på Vinstra er at me kan vise fram landslina, og tydeleggjere at folk kan gå der uansett om dei har lyst til bli folkemusikarar eller noko anna, seier ho. Ho peiker på at ein får generell studiekompetanse av å gå på musikklina, noko som gjer at ein kan studere mykje forskjellig i etterkant.

FolkOrg hadde i fjor ei seks timar lang direktesending med både studioinnslag og innsendte bidrag, og dette var første gong dei prøvde på noko slikt. Denne sendinga fekk dei gode tilbakemeldingar på, og det er noko av grunnen til at dei no har gått i gang igjen.

– Folk ønsker å sjå kva som rører seg rundt om i landet. Og gjennom sendingar som dette kan me vise fram lokallag og enkeltmedlemmer me har i FolkOrg – for me rommar jo heile landet, seier Nygjerdet.

Kvar adventssøndag kjem ei ny episode, og alle sendingane finn du etter kvart på denne lenka.