FolkOrg er ein av mange kulturorganisasjonar som deltek i protestmarkeringa mot eit koronastengt kulturliv. Onsdag 19. januar møter dei opp på Eidsvolls plass utanfor Stortinget under parolen «Strenge smitteverntiltak kveler kulturlivet i Noreg».

Dagleg leiar i FolkOrg Linda Dyrnes seier at det er viktig at FolkOrg som organisasjon blir representert, og at dei er med på å seie ifrå om at kulturlivet har lidd lenge.

– Tiltaka er ikkje heilt forholdsmessige lengre. Me har vanvitig gode arrangørar som tek smittevern på alvor. Det er klart at me må bli kvit pandemien, men situasjonen er annleis nå enn for eitt og to år sidan, med større vaksinasjonsgrad og fordi det viser seg at omikron er ein mildare variant. Eg meiner at arrangørane er så gode på smittevern at eg trur det er forsvarleg å opne for fleire enn 200 publikummarar i mange høve, seier Linda Dyrnes.

Det er Scenekvelder og Folketeatret som har initiert demonstrasjonen. Dei stiller mellom anna spørsmål ved kvifor kulturministeren ikkje kjemper denne kampen for sitt eige felt, og kvifor ho støttar tiltaka når det ikkje finst tal frå smittesporinga som seier noko om smitte ved kulturarrangement.

Smitteverntiltaka har alvorlege verknader for tilsette i kulturlivet, som protesterer utanfor Stortinget onsdag 19. januar. Her spelar Gangarstubbgutta med gjeldande smitteverntiltak på Riksscenen september 2021. (Foto: Audun Stokke Hole)

Eit anna poeng for initiativtakarane, er kva signal det blir sendt når kulturlivet fleire gonger er det som blir opna sist. Dei spør også om kvifor koronapass ikkje har blitt teke i bruk.

No håpar dei på at ein samla bransjen blir til ei stor og sterk stemme politikarane blir nøydde til å høyre på utanfor Stortinget.