Me er allereie godt inni desember. På sosiale medium putrar det med jolekalendrar, og for den folkemusikkinteresserte er det litt av kvart ein kan følgje med på. Her er eit utval – tips Folkemusikk-redaksjonen om du veit om andre!

Toppbilete: Snaustrinda Spelemannslag har hatt musikalsk jolekalender på nett sidan 2018, og har det i år igjen. Slik såg jolekalenderintroen ut i 2018.

 

Julesongkalendrar

Jolekalender er noko Kim Rysstad har halde på med før i sosiale medium, og i år er tredje adventsstunda han syng til folket. Det første året song han nystev, medan han i fjor tok føre seg mellomalderballadar. Konseptet hans i år har ein internasjonal klang, då tema er stev som er omsette til engelsk. Gunstein Rysstad var ein setesdøl busett i Seattle, og i 1974 gav han ut ei bok med namnet Popular Norwegian Poems in English Translations. Blant desse dikta er det mange nystev, og det er desse Kim Rysstad tek føre seg i jolekalenderen sin. Kvar dag legg han ut eit stev på Instagram og Facebook, og 4. desember tok han også stevet direkte på Helgemorgen på NRK P2!

Facebook-sida til Kim Rysstad

Ein annan kvedarkalender finst på Facebook-gruppa til Norsk kvedarforum. På den første desemberdagen la Camilla Granlien ut ein video i gruppa der ho song «Glade jul» saman med bassist Audun Ellingsen. Ho oppmoda venner og kjente til å bidra i jolekalenderen, og det har dei gjort. I denne kalenderen finst det solo folkesong, akkompagnert kveding og juniorkvedarar som syng saman.

Facebook-gruppa til Norsk kvedarforum

Kim Rysstad kvedar på Facebook kvar dag fram til jol. (Skjermbilete frå Facebook-sida)

Hardingfelespel kvar dag

På initiativ frå Maria Vaaje, blei jolekalenderen til Facebook-gruppa Forum for hardingfele sett i gang medan det framleis var eit par timar igjen av 1. desember. Og etter det har det gått slag i slag med slåttar frå alle kantar av hardingfele-Noreg. Felespelarane som legg ut slåttar utfordrar ein namngitt person til å ta neste luke.

Forum for hardingfele på Facebook

I ein annan hardingfelekalender blir det kvar dag lagt ut nye valdresslåttar. Dette er å finne på ei Facebook-side og YouTube-kanal med namn Folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Valdres. Desse sidene er drifta av Valdres folkemusikklag. På YouTube blir videoane lagt ut, medan det på Facebook står litt info om både utøvarane og slåttane. Her finn du både soloinnslag spelt inn heime i stovene til folk og opptak frå diverse kappleikar.

Facebook-sida med valdresspel

YouTube-kanalen med valdresspel

Skjermbilde frå Snaustrindas jolekalender 2018

God adventsmiks

Mette og Vegar Vårdal har også ein jolekalender i år. Kvar dag blir «Kultivators utvalde jolesongar» lagt ut på Facebook-sida til Kultivator, selskapet deira. Her finn ein mange gode tips til folkemusikkplater og låtar ein kan kose seg med heile jola igjennom.

Facebook-sida til Kultivator

Snaustrinda Spelemannslag, som held hus på Studentersamfundet i Trondheim, har hatt adventskalender kvart år sidan 2018. Det har dei òg i år, med humoristiske musikalske innslag som spenner over både irsk trad, Flåklypa-musikk på munnspel og «Belgstrekk-konkurranse». Jolekalendrane frå tidlegare år finn du òg ute på verdsveven.

Facebook-sida til Snaustrinda spelemannslag