Fleire folkemusikarar har så langt i år blitt lånte ut til unge orkester og kor gjennom ordninga «Lån ein folkemusikar». Organisasjonane bak prosjektet håpar tiltaket vil generere ny aktivitet og knyte musikkrefter i lokalsamfunna saman.

De Unges Orkesterforbund (UNOF) og Ung i kor er begge med på å feire folkemusikken og folkedansens år i samband med 100-årsmarkeringa til FolkOrg. Organisasjonane har fått støtte av Sparebanksftiftinga til satsinga si, og gjennom året tek dei imot søknadar frå orkester og kor som vil få ein folkemusikar på besøk.
– Me har laga denne ordninga for at orkester og kor skal kunne få spele med ein folkemusikar som skal ha ei øving eller eit seminar med dei. Orkestera og kora organiserer det meste sjølve, medan me deler ut pengar. Men me kan også kome med tips til folkemusikarar dei kan samarbeide med, som me igjen har blitt tipsa om frå FolkOrg, fortel Ellen Hoff Jørgensen i UNOF.
Fleire prosjekt gjennomført
Det har så langt vore to søknadsfristar for å få prosjektstøtte, og det vil også kome ein ny frist over sommaren. Fleire prosjekt har dermed allereie blitt gjennomførte.
– Prosjektet er viktig fordi det finst mykje fin folkemusikk ein også kan bruke i orkester og kor. Det er fort å berre tenke klassisk orkesterrepertoar, fortel Jørgensen.
Hos mange strandar draumen om eit slikt prosjekt før det kjem i gang, på grunn av økonomi.
I april arrangerte UNOF Orkesterdagen på Sentralen i Oslo. Der fekk dei unge musikarane besøk av Mari og Andreas Skeie Ljones. Alle orkestermedlemmene hadde fått utdelt notar på førehand og øvd på dette heime. På Sentralen hadde dei fellesøving og gruppeøving før dei etter eit par timar var klare for å spele minikonsert for foreldra som kom og henta dei på kvelden.
I Stavanger har det også blitt gjennomført eit prosjekt med ein utlånt folkemusikar. Vegar Vårdal besøkte i februar Stavanger Suzukiorkester.
Folkemusikkfrelst orkester
– Me møtte Vegar første gong for to år sidan på ei nasjonal Suzuki-samling. Sonen min og dei andre i orkesteret blei heilfrelste, og me inviterte Vegar til å ha eit folkemusikkseminar med oss i 2022. Etter dette kom ei samrøystes foreldregruppe til oss i styret og sa at me måtte ha folkemusikksamling ein gong til, fortel Helén Johansen Blanco, som er styreleiar i Stavanger Suzukiorkester.
Då UNOF og Ung i kor lyste ut prosjektmidlar til årets prosjekt, var det noko som passa godt for dei å søkje på. Suzukimetoden baserer seg mykje på gehørlæring, og kursa med Vegar Vårdal har dermed vore midt i blinken, fortel Blanco. I orkesteret er det medlemmer på mellom fem og tolv år, og i tillegg er det ei vaksengruppe. Foreldra er med og speler i bakgrunnen. På kurset med Vårdal fekk foreldra lære litt enklare stemmer, då det er ungane som ifølgje Blanco har kome lengst. Å få treffe Vegar Vårdal igjen etter eit år, var godt for spelinga.
– Ein kjem berre til eit visst punkt i løpet av ei helg. Førre gong fekk me ikkje øvd nok til at det blei ein del av det vanlege repertoaret. Men etter denne samlinga sat det bra, fortel styreleiaren. No spelar dei fleire ting dei har lært av Vårdal.
«Trippar frå Åseral» var ein av dei som slo best an, og etter samlinga i februar har dei hatt konsert på mellom anna Stavanger arkeologiske museum og kjøpesenteret Amfi Madla. Der fekk dei så mykje applaus for tripparen at dei måtte ta denne som ekstranummer til slutt også.


Gjer prosjekt gjennomførbare
– Eg diggar dette konseptet, seier Vegar Vårdal om ordninga frå UNOF og Ung i kor. Han meiner dette har mykje å seie for orkestera. Å reise rundt som folkemusikar til kor og orkester er noko han har gjort i mange år, men hos mange strandar draumen om eit slikt prosjekt før det kjem i gang, på grunn av økonomi.
– Men her kan dei søkje pengar, og så blir det noko av! For oss musikarar blir det også mykje meir føreseieleg då. Orkesteret tør å ta sjansen og gjere dette. Det er superartig at dei tek tak i folkemusikken og set det inn i sin eigen setting. Folkemusikken står seg godt i det, seier Vårdal.
«Det er veldig gøy at dei unge får vere med i mange ulike typar prosjekt, der dei møter ulike sjangrar og musikarar.»
– Det er veldig gøy at dei unge får vere med i mange ulike typar prosjekt, der dei møter ulike sjangrar og musikarar. Det er med på å opne dører, spesielt når ein er i ein fase av livet der ein er mindre fordomsfull. Det er ikkje alltid ein reflekterer over det ein er med på undervegs, men dette er opplevingar som er morosame og viktige, seier Daniel Z. von Gertten i Ung i kor.
Han har vore med og tatt imot alle søknadene som har kome inn så langt i år, og saman med UNOF har kor-organisasjonen vore med og løyva pengar til rundt 20 prosjekt. Etter sommaren kjem ein ny søknadsfrist, og han håpar mange fleire vil realisere nye folkemusikkprosjekt i løpet av hausten. Vegar Vårdal er eit namn han har sett på fleire av søknadene, men det er også ofte eit ønske hos orkestera og kora om å bruke lokale folkemusikarar.
– Det er veldig positivt om dette kan føre til ein relasjon mellom barneensembla og lokale musikarar, seier Gertten.