På Vestlandskappleiken i Granvin i helga blei Audhild Flaktveit Moxnes’ minnepris delt ut for femtande gong. Prisen gjekk til Osterøy for andre år på rad – til søstera til ho som vann i fjor.

Mottakaren har trass i sin unge alder lang fartstid i folkemusikkmiljøet, skriv styret for minneprisen i ei pressemelding. Midtbø-Bruner er elev i Osterøy kulturskule – som ekstra motivert elev har ho dobbel kulturskuleplass – og ho er med i både Bergen juniorspelemannslag og Osterøy spel- og dansarlag. I dag har ho Maria Skjeldrum Toppe, tredje vinnaren av Moxnes’ minnepris i 2009, som lærar. Tidlegare har ho lært av Håkon Høgemo.

I tillegg til å spele hardingfele, spelar ho også vanleg fele hos lærar Johanne Løkensgard Mjøs og klassisk fiolin i Åsane Unge strykere, samt noko kanadisk folkemusikk. Ingrid Sofie Midtbø-Bruner har vore med eldre søsken på kappleikar, kurs og konsertar frå ho var lita. Då ho var gammal nok, starta ho med hardingfele sjølv. I fjor var det søster hennar, Hannah Moira Midtbø-Bruner, som vann Moxnes’ minnepris.

Prismottakaren er ein viktig ressurs i ungdomsgruppa og i spelemannslaga, då ho har god kontroll på slåttar og arrangement i samspel, står å lese i grunngivinga for prisen. Midtbø-Bruner har òg god utvikling i solospelet sitt, som blir kalla eit klart, tydeleg og kraftig spel.

Audhild Flaktveit Moxnes var ein talentfull hardingfelespelar, men omkom i ei trafikkulykke i Bergen i 2004, berre 17 år gammal. Minneprisen som blei etablert til minne om ho, har blitt delt ut kvart år sidan 2007. I tillegg til prispengar på 15.000 kroner, får mottakaren eit diplom laga av Inga Hilde Breivik.

Tidlegare vinnarar av Audhild Flaktveit Moxnes’ minnepris:

  • 2007: Alexander Aga Røynstrand, Granvin
  • 2008: Erlend Apneseth, Jølster
  • 2009: Maria Skjeldrum Toppe, Bergen
  • 2010: Ingeborg Hollekim Bringslid, Bergen
  • 2011: Mathilde Skjæret, Jostedal
  • 2012: Nikolai Storevik, Stryn
  • 2013: Marta Lindvik, Ulvik
  • 2014: Kine Svori, Jostedal
  • 2015: Kårhild Husby Nordstad, Bergen
  • 2016: Kjersti Kindingstad Vågen, Kvam
  • 2017: Jonas Laupsa, Granvin
  • 2018: Åsmund Arnesen Farstad, Volda
  • 2019: Tori Helgheim Grung, Bergen
  • 2020: Hannah Moira Midtbø-Bruner, Osterøy