Plateselskapet Øra fonogram har gitt ut fleire folkemusikkplater i si 17 år lange historie. Nå er det Ingrid Storlimo som er aktuell.

I Trondheim blir Øra fonogram og Øra studio drive i tett samarbeid. Frå den første folkemusikkutgjevinga, som var ei barneplate med Gjermund Larsen, har det kome fleire plater i sjangeren, både med han, Unni Boksasp ensemble, Mattis Kleppen og Resjemheia, Sturla Eide og Ronny Kjøsen. Det nyaste tilskotet er Ingrid Storlimo, som gjev ut plate med musikk frå heimstaden Budalen.

Plata Bak vesterfjeldet er den første plata i eige namn for Ingrid Storlimo. Vegen mot plata starta allereie då Storlimo var folkemusikkstudent på Rauland i 2002. Der byrja ho å leite blant lokale kjelder og i arkiv for å finne songar frå heimstaden Budalen i Midtre Gauldal kommune.

– Slåttetradisjonen heimanfrå er godt kjent og godt dokumentert. Men vokaltradisjonen har ikkje vore så mykje oppe i dagen. Det er ei utfordring at det er få munnlege kjelder, men eg har eit veldig godt NRK-opptak frå 1930-talet. Og eg  var på besøk til ein del kjelder saman med John Ole Morken tidleg på 2000-talet, der eg fekk eit litt større bilde av korleis det kunne ha vore, fortel Storlimo.

Ho meiner likevel at det ikkje er nokon fasit på korleis ho skal synge stoffet.

– Eg har brukt å seie at eg må synge med stemma mi. For eg trur det var slik dei gjorde det før. Og når eg høyrer på dei munnlege kjeldene eg har, så meiner eg det eg gjer er innafor.

Ingrid Storlimo har nett sleppt ny plata Bak vesterfjeldet på Øra fonogram. Bandet er det same som på Ronny Kjøsens plate Bondebohem frå i fjor.
Fire av folkemusikkutgivingane til Øra fonogram, f.v. Gjermund Larsen og Bom Basker (2009), Unni Boksasp Ensemble (2010), Sturla Eide (2020) og Ronny Kjøsen (2020).

Kortreist band og studio

Slåttemusikken i Budalen er påverka frå mange av områda rundt, mellom anna Røros og Oppdal. Mange spelemenn reiste mykje innover til Trondheim. Det har også Storlimo gjort saman med bandet, og både musikarane, plateselskapet og studioet som er brukt, er lokalt. I Øra studio hadde bandet tre dagar saman, der dei spelte inn songane live i same rom.

For det er ikkje første gong musikarane på plata til Storlimo samarbeider. Heile bandet, utanom ein ekstra saksofonist, er det same som Ronny Kjøsen sette saman til plata si Bondebohem som kom ut i 2020.

– Ronny har eg kjent sidan eg var lita, og det er han eg samarbeider mest med musikalsk. Då eg var med på plata hans blei eg kjent med resten av musikarane. Og då me spelte konsertar, la me til nokre ekstra songar frå repertoaret mitt. Etter ein del konsertar sa bandet litt spøkefullt at “nå er me klare for å spele inn plata di, Ingrid”. Då tok eg dei på ordet, fortel Storlimo.

Repertoaret på plata spenner frå skillingsviser som ein kan finne mange stader i landet, til songar som Storlimo sjølv ikkje har høyrt andre stader enn heime. Det er bånsullar, religiøse folketoner og bruremarsjar, og arrangementsmessig har musikarane tenkt på å utnytte heile spekteret innanfor besetninga.

– Ønsket mitt er at denne plata skal vere noko som ikkje berre folkemusikarar høyrer på. Eg håper den også er interessant for andre. Me har arrangert ganske breitt, og bakgrunnen til alle musikarane er veldig samansett. Dei har alle teke med seg litt frå sine verder, seier Storlimo.

Selskap for musikk dei liker sjølv

Jo Ranheim jobbar både i studioet og plateselskapet i Trondheim, og han speler og har vore teknikar på plata til Storlimo. Sidan oppstarten i 2004, har tanken vore at Øra fonogram skal vere eit plateselskap som gir ut musikk dei sjølv liker, fortel han. I starten var det ofte ting plateselskapgjengen var involverte i, men etter kvart som nettverket av folk med behov for utgjevingar og distribusjon blei større, var det naturleg at også sjangrane dei representerte famna breiare. Likevel er det sjangrane som ikkje er oftast på TV dei gjev ut.

– Ein del av musikken har vore knytt til jazzlinja på NTNU og i det segmentet der, men me har også gitt ut mykje vise og klassisk, i tillegg til folkemusikk, seier Ranheim.

Utgjevingane har blitt fleire og fleire, og i tillegg blir ein del av platene i dag også spelt inn andre stader enn i  Øra studio. Men folkemusikkreisa til Øra fonogram starta med Går i fjøs, med Gjermund Larsen & Bom Basker i 2009.

– Me hadde som mål å skape eit breitt utval barnemusikk, og det har me framleis. Barn fortjener det. Med barneplata til Gjermund blei folkemusikk og rap blanda, og det var starten for folkemusikkutgjevingar hos oss, fortel Ranheim.

“Me hadde som mål å skape eit breitt utval barnemusikk, og det har me framleis. Barn fortener det.”

Jo Ranheim, Øra fonogram

Stor produksjon i pandemien

Jo Ranheim har vore involvert i alle folkemusikkproduksjonane så langt, og han fortel at det har vore ei reise for han. Han har både tatt opp og spelt på fleire av platene, blant anna med Ronny Kjøsen og allereie nemnde Ingrid Storlimo. Felles for alle folkemusikkutgjevingane til selskapet så langt, er at dei er spelt inn med artistar som har base eller som er frå Trøndelag og Midt-Noreg.

Under pandemien har produksjonen i Øra studio langt frå stilna. Ranheim fortel at han det siste året har hatt større arbeidsmengde enn normalt i studioet.

– Det er nok litt fordi folk har stått veldig saman i bransjen. Mange har starta prosjekt for å ha noko å halde på med. Det er ikkje noko koselig at folk skal miste livsgrunnlaget sitt, så det er stort å sjå kor samla gjengen har vore, sjølv om det også har vore veldig krevjande, seier han.

Han kan fortelje at den store produksjonen av nye Øra-plater kjem til å innehalde noko folkemusikk også, men kva eller kven som kjem ut med plate er førebels noko han ikkje kan røpe. Likevel er det sikkert at det blir stadig meir i folkemusikkatalogen til plateselskapet frå Trondheim.