Første helga i september var rundt 25 personar samla på Gjøvik for å lære skillingsviser i regi av Norsk kvedarforum. For dei frammøtte blei det både mordviser og skafottviser om dødsdømte, samt noko litt mindre alvorleg.

Etter eit par koronautsettingar, var det klart for kvedarseminar igjen. Seminaret om skillingsviser har vore på blokka lenge, og Ann-Turi Ford i Kvedarforum fortel at skillingsvisene har blitt meir stovereine dei siste åra. Digitalisering av arkiv har også ført til at materialet er meir tilgjengeleg for fleire i dag.

– Nasjonalbiblioteket, Gunnerus-samlinga i Trondheim og Anno museum på Elverum digitaliserer stadig meir. Så det ligg mykje materiale og venter på oss. Skillingsvisene er ikkje lengre nedst i hierarkiet, men dei er på veg opp. For å krone den tanken der, inviterte me også Helge Borglund til seminaret vårt på Gjøvik, seier Ford.

Helge Borglund er kjend frå plateserien Frem fra glemselen, som er den mest solgte plateserien i Noreg gjennom tidene. Der var det nettopp skillingsviser som var repertoaret. På seminaret i helga song han nokre av desse visene saman med Stein Villa som akkompagnatør.

Skafottviser og lokale songar

På samlinga på Gjøvik lærte Stein Villa, Kirsti Bakken Kristiansen og Anne Sigrid Refsum bort ulike skillingsviser, og Ann-Turi Ford hadde også ei økt. Elles stod nokre foredrag på programmet. Anne Sigrid Refsum er stipendiat i Trondheim og ho fortalte om skillingsviseprosjektet der, medan folklorist Audun Kjus heldt foredrag om skafottviser.

Som ein av den lokale arrangøren, fekk Stein Villa opne seminarhelga med veldig lokal musikk framfor det eine bygget på Eiktunet på Gjøvik. Utanfor Svartåsbygningen song han skillingsvisa «Svartåsmordet», som handlar om eit drap som skjedde i den nemnde bygningen. Dette og fleire alvorlege tema blei det i løpet av helga.

– Men Kirsti hadde nokre litt lettare viser ho lærte bort. Elles var det mange traurige tema, fortel Villa.

Han lærte bort fleire lokale viser med historier om ting som har skjedd i området rundt Gjøvik. Skillingsvisene er ein del av det daglege repertoaret hans, og han bruker dei mellom anna når han speler skulekonsertar.

«Kanskje er revyvisesjangeren den neste som er på veg opp.»

Ann-Turi Ford, Norsk Kvedarforum
Stipendiat ved NTNU Anne Sigrid Refsum lærte bort skillingsviser og fortalde om skillingsviseprosjektet i Trondheim.

Nyheitsformidling

Ann-Turi Ford fortel at ein ikkje treng å sjå på skillingsviser som ein sjanger, men som eit medium. For skillingsvisene er ei blanding av avis og song.

– Som Audun Kjus fortalte på foredraget sitt, var det gjennom skillingsvisene ein først fekk vite at Titanic hadde forlist. Det kjem mykje ny kunnskap fram når akademikarar byrjer å jobbe med dette, og det er kjempeinteressant, seier ho.

I ein artikkel som skillingsviser Ford hadde på trykk i Folkemusikk nr. 1/2020, skriv ho at då det i 1903 braut ut ein brann i Kongens gate i Kristiania og ti personar mista livet, kunne folk på gata kjøpe visa om «Den rædselsfulde ulykke» før brannen var ferdig sløkt.

Ann-Turi Ford spår at den neste sjangeren som får eit oppsving er revyvisene.

– På seminaret diskuterte me dette, då Rikke Christine Roseng frå Vestfold hadde med seg fleire kvalfangarviser som ho song. Denne typen vise går meir over i revyvisesjangeren, og kanskje det er den neste sjangeren som er på veg opp. Det handlar om det at tida går – ting virker meir interessant når det har gått femti år enn når det har gått ti.