I november blir det nytt bransjetreff i Oslo for alle folkemusikkinteresserte. Fristen for å søkje om showcase-konsertar på Folkelarm går ut 1. mars.
Folkelarm driv ikkje med booking sjølv, noko som betyr at alle som vil spele der må gjennom den same søknadsprosessen, skriv arrangøren på nettsida si.
Bransjetreffet har fokus på nordisk folkemusikk og difor er det berre band som held til i dei nordiske landa som blir vurderte i søknadsprosessen. Juryen som plukkar ut Folkelarm-artistane består av tre personar.
I år blir Folkelarm arrangert frå 24. til 27. november.

Floating Sofa Quartet spelar på Folkelarm 2021, f.v. Mads Kjøller Henningsen, felevikar Guro Kvifte Nesheim, Leija Lautamaja og Malte Zeberg.
Frå Folkelarm 2021:
- Får du fot? Allmøte i lavvoen på Folkelarm – podkast frå Folkemusikk (23.02.2022)
- Eit framtidsretta Folkelarm – kommentar av Folkemusikks redaktør (28.11.2021)
- Vinnarane av Folkelarm-prisane er kåra – nyheitsnotis (26.11.2021)