Gjermund Kolltveit har gitt ut ei bok om korleis song har blitt og blir brukt som våpen. Arbeidersongar, song på fotballtribunene og salmesong i kyrkjelyden er noko av det han tek føre seg. Men også duellerande songstilar som rapp-battling og stevleik har ein viktig plass i korleis menneska har brukt songen som middel for noko anna.

– Eg dreg ein parallell frå stevleik og rapp-battling til inuittiske songduellar. Det var ein måte løyse konfliktar på, og er skildra langt tilbake i tid. Slik song finn ein i mange kulturar. Duellsong er humor, og det handlar om å seie litt stygge ting, men samtidig noko humoristisk, seier Kolltveit.

I boka si Sang som våpen. Historier om sangens slagkraft, dreg han fram nokre døme frå nyare tid med både rapp-battle og stevleik. I førstnemnde finn me Tuva Syvertsen, her under namnet Tante Tuva, som møter rapparen 2mito til rapp-battle i bakgården til utestaden Revolver ein juniettermiddag i 2016. Tante Tuva får sin debut i dette formatet, og med humor og småstikk går ho gjennom elddåpen.

Eit anna døme i boka er frå ein aldersheim i Kviteseid. Der møter Heidi Løvlund opp og bed Olav Bergland ta eit stev. Han spør henne kva ho heiter, og plutseleg set han i gang med eit personleg stev til henne. Løvlund blir svar skuldig og må kontre. Så utviklar det seg, og det går nokre stev fram og tilbake mellom dei.

Før det moderne rettsvesenet blei etablert, var songduellar ein vanlig måte å løyse små og store konflikter på.

Gjermund Kolltveit har nett gitt ut boka Sang som våpen. (Foto: Ann-Turi Ford)

Song for fellesskap

Før det moderne rettsvesenet blei etablert, var songduellar ein vanlig måte å løyse konflikter på, fortel Kolltveit. Det kunne vere konflikt mellom to personar, eller mellom slekter, og det var det same om konfliktene var store eller små.

– I dag oppfattar eg dette som ei moderne form med restar etter funksjonen ho hadde før. Eg har vore vitne til dette på kappleikar, og på puben på Rysstad i Setesdal.

Boka til Kolltveit handlar om song i fellesskap, der songen er brukt som middel for noko.

– Det er tydeleg at all song skapar felleskap, sjølv om det er ein hovudtrend i samfunnet i dag at det blir meir individualisme. Slik sett blir song og musikk meir underhanldning enn ein fellesskapsaktivitet. Det er mindre song i skulen enn det var før, og der folk før gjekk rundt juletreet og song på julegrantenningar, blir det i staden leigd inn profesjonelle artistar i dag for å underhalde medan publikum tek bilde, seier forfattaren.

Men Kolltveit meiner likevel at det er grunn til å sjå framover med optimisme, noko han også gjer i boka. For songen lever godt ein god del plassar i samfunnet. Han har fleire døme frå tida me har vore inn i dei siste åra, med balkongsong under lockdown både i landsbyar i Italia, og frå bygårdar på Grünerløkka. Sjølv arrangerer Kolltveit songkveldar på privaten, og der kjem folk saman for å synge, og ingenting anna. Folk kan sjølv velje songar, og det er berre å synge i veg, fortel han.

Det er mykje einskildpersonar kan gjere, som til dømes på puben i Setesdal. Det er nok framleis mykje uformell musisering rundt omkring, også song, og det er viktig å dyrke fram dette, seier han.

Tribunesong

Han peiker mellom anna på konsept som Krafttak for song og Syngande barnehagar, og på folk som jobbar i skule og barnehage som har eit brennande engasjement for å synge. Men ein arena der songen står veldig sterkt i dag, er i fotballen. Til dømes blei Bodø/Glimt møtt av eit syngande folkehav i Bodø sentrum då dei vann eliteserien denne helga.

Tidlegare har Gjermund Kolltveit samla inn supportarsongar for Norsk folkemusikksamling. Det innebar at han reiste rundt til alle laga i eliteserien ein sesong på 2000-talet og tok opp songane supportarane deira song.

– Det slo meg at supportarsongar er ei ganske folkeleg songform som er veldig levande. Folk lagar eigne tekstar til kjende melodiar, litt som i stevtradisjonen. Og i tillegg er tradisjonar også viktig i dette miljøet. Ein kan ikkje kome med ein heilt ny låt her, ofte må ein ta tak i det kjende, som poplåter, men også arier eller andre store operaslagerar. Den sosiale kontrollen er også sterk, og dei nye tekstane må godkjennast av fellesskapet, seier han.

For tida går det ein serie på Ekko på NRK P2 der Kolltveit i fire delar er innom og fortel om nokre av kapitla i boka si. Han har allereie fortalt om duellsongen, og der kan noko av rapp-battlen mellom Tante Tuva og 2mito høyrast, i tillegg til det eine stevet Olav Bergland song om og til Heidi Løvlund.