På Trøndelagskappleiken var scena og dansegolva fylt opp med glade deltakarar frå fjern og nær. Nye æresmedlemmer og vinnar av folkemusikkpris blei òg gjort stas på.

Med 28 startnummer og rundt 100 deltakarar på kappleiken, kunne arrangørane i Trøndelag folkemusikklag og Brekken spell- og dansarlag seie seg godt fornøgd. Laurdag 2. oktober stod dei bak det som må vere den første kappleiken etter at Noreg offisielt opna opp att etter pandemien.

Det var på Vauldalen fjellhotell kappleiken blei halden, og i år var den slått saman med eit anna arrangement som bruker å dra mange folk, nemleg “VM i Rørospols”. I år blei meisterskapen i rørospols bytta ut med gammaldans, etter modell frå Landsfestivalen.

Kappleiken og dansehelga, som også inneheldt sjokoladekappleik, trekte folk frå heile Trøndelag, nokre delar av Innlandet og frå Sverige.

Styreleiar Linda Loktu og dei nye æresmedlemmene i Trøndelag folkemusikklag, Geir Egil Larsen (t.v.) og Sverre Bjørlkås. (Foto: Trøndelag folkemusikklag)

Fristar til gjentaking

– Etter kappleiken ringte alle i styret til kvarandre og var veldig fornøgde. Så det var klapp på skuldra til alle, sjølv om me var veldig slitne, seier Linda Loktu som er styreleiar i Trøndelag folkemusikklag. – Min umiddelbare tanke et at eg vil gjere det igjen med ein gong!

Etter at ho tok over leiarvervet i områdelaget for Trøndelag, har kongstanken hennar vore å skape sterkare band mellom områdelaget og lokallaga i fylket. Det tok ho med inn i gjennomføring av kappleiken, fortel ho:

– Over halvparten av styremedlemmene i folkemusikklaget var med og jobba dugnad. Og då gjorde me det slik at me sette ein lokal og ein frå styret saman i par. Det har me fått mange positive tilbakemeldingar på.

Nytt tidspunkt på nyåret

Dei siste åra har kappleiksdeltakinga frå den nordre delen av fylket vore litt laber, men det er det gode grunnar til, fortel Loktu. Kappleiken har nemleg kome tett opptil Midtvinterdansen i Verdal.

– Me no har me lova at me skal flytte på kappleiken, og styret skal finne eit nytt tidspunkt, slik at det passar for alle. Det blir nok litt oppunder påske, seier styreleiaren.

Med andre ord er det ikkje så lenge til dei skal arrangere kappleik att. Med styremøte to dagar etter kappleikshelga, med evaluering og vidare planlegging, håper dei å få på plass både dato og lokal arrangør så fort som mogleg.

Kongstanken til styreleiaren har vore å skape sterkare band mellom områdelaget og lokallaga i fylket. Det tok ho med inn i gjennomføring av kappleiken.

Prisutdelingar

Trøndersk folkemusikkpris 2021 blei delt ut i helga, og i år var det Sturla Eide frå Orkdal som fekk denne. Han fekk prisen for innsatsen han har lagt ned for formidling, dokumentasjon og utøving av tradisjonsmusikken i fylket, skriv folkemusikklaget. Prismottakaren kvitterte med å spele «Dimmisjonspolsen», som han sjølv har komponert, og i tillegg nokre springleikar.

Æresmedlemskap i Trøndelag folkemusikklag blei også delt ut. Blant æresmedlemmene i laget, er nå også Geir Egil Larsen frå Verdal og Sverre Bjørkås frå Oppdal å finne. Styret i laget trekkjer særleg fram arbeidet dei to har gjort med rekruttering i lokalmiljøa sine gjennom dei siste 50 åra.