I helga blei Hilmarfestivalen arrangert, og på laurdagskvelden vanka det heider og ære til prismottakaren av Hilmar Alexandersens musikkpris.

Det var midt under konserten med Bare Egil Spellemannslag at Tuva Syvertsen blei overraska med Hilmarprisen 2021. Prisen er eit bilde laga av Robert Øfsti, ein pengesum og ei bok om Hilmar Alexandersen.

“Ein nyskapande, grensesprengjande og samtidsorientert kunstnar”, er nokre av orda juryen bruker for å skildre årets mottakar.

Juryen trekkjer også parallellar mellom Tuva Syvertsen og Hilmar Alexandersen, og seier at Syvertsen, som Alexandersen, maktar å uttrykke seg i fleire sjangrar, noko som gjer at ho når ut til fleire enn det vanlege folkemusikkpublikummet.

At Tuva Syvertsen ynskjer å hjelpe både sjangeren og andre utøvarar, er også noko som blir vektlagt av juryen. Syvertsen var mentor i to år for det første “Hilmartalentet” Helga Myhr, og ho var også produsent på debutplata hennar som soloartist.

Tidlegare i november blei Tuva Syvertsen tildelt NOPAs tekspris 2020 for tekstane på albumet Slutte og byne.