Soga om ein mann som fortener den sjeldsynte nemninga «musikalsk bauta».

Han likte ikkje kappleikar, Olav Hegland, for på slike tevlingar var det berre mogleg å få spela to slåttar. Han ville heller halde konsert, med ti–femten nummer. Det gav høve til å briljere på hardingfela med fantastisk teknikk og framføring av tonestykke ingen hadde høyrt maken til.

«ein ladning med eksplosive setesdalsslåttar»

Olav Hegland (1888–1974) blir no dokumentert på ein trippel-CD. Det er parhestane Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid som har samla innspelingar og sanka stoff i høve 125-årsminnet for storspelemannen. Attåt dei vidgjetne opptaka etter meisteren (t.d. Skjaldmøyslaget og Knut Heddis Minne) fyrer dei sjølve av ein ladning med eksplosive setesdalsslåttar.

Olav Hegland var noko så unikt som ein profesjonell spelemann. Spelet var høgt utvikla, som hjå topp fiolinistar. Med det teknisk avanserte posisjonsspelet laga han «fuglekvitter, rauting og anna moro» som i virtuositet overgår alt eg har høyrt av lokale spelemenn på ei fele, faktisk vel så god som den leiande sigøynarprimasen me høyrde i Budapest for nokre år sidan.

Meisteren frå Bygland turnerte heile Sørlandet, Rogaland og Telemark i 1930- og 40-åra. Spelferdene varte ofte opptil fire–fem veker, og overalt var det fulle hus. «Fuglane flaug føre», fortel han.

«Produksjonen er eit storverk i seg sjølv»

På den eine CD-en legg han òg ut om den utrulege reisa si til Molde i 1924, då han vann Landskappleiken med bravur etter å ha halde seg anonym og spionert på konkurrentane føreåt. Det å koma seg frå Setesdal til Molde den tida var som ei jordomsigling i dag, ned dalen med skyss, båt frå Kristiansand til Brevik, speling langs ruta, tog til Oslo (med dramatiske opplevingar og homoar som ville lokke han i hus), vidare tog til Åndalsnes, og bussar og ferjer i hopetal.

Bak slike utflukter og ferder låg ei intens glede over folkemusikken og dyrking av kunsta i slåttespelet, eit sterkt ego og vilje til suksess.

Eit fint hefte fylgjer dei tre CD-ane med biografiske data, ei mengd opplysningar og artige illustrasjonar. Produksjonen er eit storverk i seg sjølv. Samla sett får me med denne utgjevinga godt innsyn i ein spanande hardingfeletradisjon og soga om ein mann som fortener den sjeldsynte nemninga «musikalsk bauta».

OLAV HEGLAND / GUNNAR STUBSEID / HALLVARD T. BJØRGUM
  • TITTEL: Sterke slag
  • UTGIVAR: Sylvartun folkemusikk
  • ÅR: 2013
  • SPOR: 63
  • PRODUSENT: Hallvard T. Bjørgum