Du trur du veit kva folkedans er. Men gjer du det? Ungdomane som deltek i prosjektet Bygda dansar, klarte under framsyninga ‘Sviver i det’ på Sand i Ryfylke å få oss til å sjå folkedans med nye auge og med eit opnare sinn.

Framsyninga startar i nærast stummande mørke. Du kan høyre dei karakteristiske, men forsiktige trampa i golvet frå føter som lengtar etter å danse. Berre nokre lommelykter lyser opp og kastar innimellom skuggar på veggen. Av og til kan du sjå eit ansikt, ane ein kropp, merke at nokon tek til å danse. Vi høyrer dansarane meir enn vi ser dei – men merkar at dei bygger opp til noko. Noko meir enn tradisjonell folkedans.

Frå ein videoskjerm ser og høyrer vi samtalar med unge menneske. Dei pratar om folkedans. Kva dei trur, kva dei forventar.

Sviver i det!
  • Sluttframsyning for det treårige danseprosjektet Bygda dansar Rogaland – Rogalender
  • Kulturhuset i Suldal, laurdag 27. april 2019
  • Koreograf: Ingeleiv Berstad; Musikarar: Olav Christer «Laffen» Rossebø og Erlend Viken; Musikk: trad. etter Svein P. Eikeland, Ola Bråtveit, Johannes Tveitane og Ivar Fuglestad; Tradisjonsfagleg ansvarlege: Elisabeth Ellingsen og Tuva Færden; Produsent: Stine Trondsdatter; Videoprojeksjon: Vibeke Heide
  • Dansarar: Even Angelo Aarek, Selma Hetland Behrends, Xenia Alexandra Berkova, Ola Gjerde, Sikia Masters Heien, Gelvin Wilches Herrera, Åshild Hindenes, Simon Hesselberg Løvald og Jon Sivert Pettersen

Fritt og leikent

Folkedans er for mange synonymt med bunad, hardingfele og innøvde dansetrinn. Reinlender, springar, halling, pols, vals. Men med prosjektet Bygda dansar har folkedans blitt gjort til så mykje meir. Ungdomane frå Rogaland som deltek i prosjektet, og som viste fram sitt sluttprodukt i slutten av april, gjer folkedans til eit leikande, sosialt og spontant hjelpemiddel. Det blir eit intuitivt språk som speglar ei historie, der gutar og jenter viser ei glede over å få bevege seg etter taktfast, rytmisk musikk.

Det er ikkje noko gammalmodig over dansen ungdomane presenterer. Riktig nok kjenner ein igjen danseforma og trinna, men samstundes ser ein som publikummar kor fritt, leikent og fint dette språket må ha vore – og kan vere – mellom unge menneske.

 

Det er ikkje noko gammalmodig over dansen ungdomane presenterer.

Spontane møte

Koreograf Ingeleiv Berstad har sjølv dansa folkedans og spelt hardingfele sidan tidleg barndom. Ho har klart å formidle korleis dei folkelege dansane kan ha oppstått. Ho har gjort dansen til eit møte mellom ungdomar og viser gjennom koreografien den spontane dansegleda deira. Slik vert dansen like mykje ei sosial handling som underhaldning, og dansetrinna vert uttrykk for sorg, glede, kjærleik, nærleik og leik.

– Det har vore viktig for meg å behalde leiken og gleda i arbeidet med dei unge, utan å transformere sjølve dansen for mykje inn mot samtidsdans, som eg vanlegvis arbeider med, seier Ingeleiv Berstad, som sjølv har vakse opp med folkedans i Rogaland. Der gjorde ho ei oppdaging som blei viktig for framsyninga «Sviver i det».

Ein broten tradisjon

Parhalling frå Rogaland er nemleg ein broten tradisjon, men har vorte rekonstruert i nyare tid. Då ho høyrde om parhalling, vart Ingeleiv Berstad nyfiken på korleis ein fører vidare folkedans-tradisjonar med berre ord. Det er ofte vanskeleg å beskrive korleis ein dansa før i tida, og i mange høve har ein berre munnleg overføring å basere seg på. Dette har ho vist på morosamt og spanande vis gjennom framsyninga ved å la ungdomane tolke intervju med gamle menneske som har opplevd parhalling.

– Det er moro å sjå korleis skildringane kan tolkast i dag. Det er òg spanande å sjå korleis ungdomane skaper ei lang line i tid, ved å danse denne rekonstruerte dansen parallelt med at vi høyrer opptak av menneske fødde på slutten av 1800-talet, seier Ingeleiv Berstad.

For oss i salen er det rørande å høyre dei gamle, forsiktig og nesten litt hjelpelaust, forsøke å forklare korleis dei dansa. Like morosamt er det å sjå korleis ungdomane vel å tolke det som vert sagt.

Leve av dansen

Bygda dansar oppstod som pilotprosjekt allereie i 2001. Målet med prosjektet er å styrke folkedans som kulturarv og samværsform. Dette skal skje gjennom rekruttering av unge dansarar som vert instruerte i lokal og regional dansetradisjon. Ungdom skal få tilbod om å arbeide med dans på eit høgt kunstnarisk nivå. På sikt håpar ein å få nokre få toppdansarar som vil satse og vil leve av dansen.

– Eg hadde vel ikkje sett for meg at eg skulle begynne med folkedans og lære å spele hardingfele. Men eg angrar ikkje på at eg blei med på dette, seier Jon Sivert Pettersen. Han har ikkje planar om å slutte med dans og spel.

– Nei, eg går på hardingfelekurs saman med fleire av dei andre i prosjektet. Eg har òg meldt meg inn i BUL Stavanger, som har leikarring kvar tysdag.

For ungdomane i Rogaland vart det fullsett sal i Sandnes. Folk måtte snu i døra fordi det var fullt. På Sand i Suldal var det meir glissent i salen. Noko som er synd, ikkje berre for ungdomane som framfører eit så flott stykke kunstnarisk arbeid, men òg for lokalbefolkninga som gjekk glipp av ei flott framsyning.

Hordaland for tur

I prosjektet Bygda dansar deltek ungdomar i eit bestemt fylke mellom 15 og 19 år, over ein periode på tre år. Tre år etter at Bygda dansar kom til Rogaland for å gjere ungdom oppmerksam på den lokale dansetradisjonen, har prosjektet besøkt 40 skular, halde 14 dansesamlingar, laga midtframsyninga Dansehuset og sluttframsyninga Sviver i det – og fått fleire tusen ungdomar til å danse.

Sviver i det har utgangspunkt i kjeldemateriale frå Rogaland sin tradisjonsdans og tradisjonsmusikk, både gjennom dykk i arkivet, hos prosjektleiar Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Folkemusikkarkivet i Rogaland, og gjennom levande tradisjonsberarar i Rogaland. Musikken som vart brukt, er etter lokale folkemusikarar.

– Framsyninga ynskjer å feire følelsen av å danse, av den samlande krafta musikken og dansen har. Akkurat desse dansane, trinna, melodilinene og rytmane har for mange menneske i ulike tider vore dei same. I sentrum for kommunikasjonen står kroppsrørsler i samspel med andre kroppar og med musikk, seier prosjektkoordinator Stine Trondsdatter.

Dei neste åra er det Hordaland sin tur til å vise sine dansetradisjonar på ein ny og ung måte.

Denne meldinga stod fyrst på trykk i Folkemusikk nr. 2/2019.