Ei fulltidsstilling som lærar i folkemusikk fordelt mellom tre kommunar i Setesdal er no lyst ut for andre gong. - Ein gullsjanse rett og slett, meiner Annbjørg Lien i Setesdalsfolk.

Torunn Charlotte Nyberg, leiar for kultur og fritid i Valle kommune. Foto: Ole Birger Lien

Sidan folkemusikken og folkedansen frå Setesdal kom inn på UNESCOs liste over immateriell kulturarv i 2019, er det jobba ekstra for rekruttering og opplæring i dalen. Gjennom folkemusikkprosjekta Gorrlaus og Dommelidei, som no er forankra i grunnskulen og banehagane i Setesdal, får ungane ei grunnopplæring i folkemusikk.

Men for dei som vil gå vidare og fordjupe seg, har kulturskulane i dei tre kommunane Bygland, Valle og Bykle lenge ønska å få til meir stabile tilbod, både for lærarar og elevar.

– Det er vanskeleg å rekruttere til små stillingar, så ideen om ei heil interkommunal stilling kom opp. Det er kanskje lettare for folk å flytte til Setesdal for ein 100 prosent jobb, seier leiar for kultur og fritid i Valle, Torunn Charlotte Nyberg.

Ho fortel at kommunane raskt gjekk inn for dette då saka blei lagt fram politisk hausten 2022. Planen var å setje igang allereie i 2023, men då stillinga blei utlyst i fjor, fekk ikkje kommunane tilsett nokon.

No er søknadsteksten evaluert og redigert, og Nyberg håpar og trur at det vil komme til fleire søkjarar denne gongen.

Stillinga kan delast

– Dette er ei stilling som kan delast mellom fleire personar, dersom ein ikkje vil jobbe 100 prosent fast. Det har me gjort tydelegare i stillingsteksten denne gongen. Men me legg til rette for at søkjarar skal kunne få ei heil stilling, dersom dei ønskjer det. Det er viktig med heiltidsstillingar i det offentlege, meiner ho.

Kommunane i Setesdal ser etter ein person som kan undervise i ein eller fleire disiplinar innanfor folkemusikkfeltet, anten det er på instrument, song eller dans.

Dette er i første omgang ei treåring prosjektstilling, med gode moglegheiter til forlenging.

– For nokre er det kanskje attraktivt at det er ei treårig stilling, andre derimot kan kanskje tenkje at dei ikkje vil flytte dersom det er så kort tidshorisont. Men her har me langsiktige mål. UNESCO er ei livslang satsing, og noko me alltid må jobbe med for å halde på statusen vidare, seier Nyberg.

Mange vil hjelpe til

Kommunane hjelper gjerne til med å finne bustad til den eller dei som blir tilsett.

– Me vil gjere det me kan. Dette er noko alle, både kommunane, spelemannslaget, utøvarmiljøet og andre, ser fram til å få på plass, seier Nyberg.

Ho meiner også det er viktig å få fram at ein ikkje treng å kunne setesdalstradisjonen til fingerspissane for å søkje, eller bli tilsett i, stillinga.

– Me har eit stort og sterkt kompetansemiljø her som ynskjer vedkommande hjarteleg velkomen. Det aller viktigaste er at søkjaren er ein person som forstår dette med rekruttering, kommuniserer godt med barn og unge og klarer å skape entusiasme rundt folkemusikken, seier Nyberg.

Ho får støtte frå Annbjørg Lien, som er leiar av Setesdalsfolk, eit prosjekt i regi av Agder fylkeskommune. Det kom i stand i samband med UNESCO-statusen.

– Personen som blir tilsett, må kjenne verdien av rekruttering, elske folkemusikk og forstå at kultur er viktig inn i skulen. Resten kan lærast undervegs. Det er eit stort støtteapparat her, seier Lien.

Annbjørg Lien, leiar av Setesdalsfolk. Foto: Kjell Bitustøyl

Dette er ein gullsjanse.

Annbjørg Lien

Påfyll også som utøvar

Annbjørg Lien har fleire gode argument å kome med.

– Setesdal er eit spesielt spennande område å bu og vere i. Dette er ein kjempemoglegheit til å ha ein periode i livet der ein bur ein stad med ein sterk og spennande kultur, ein gullsjanse rett og slett. Du blir ikkje berre lærar, men om du som utøvar ønsker å få påfyll, kan du få det ved å lære meir om setesdalstradisjonen, fortel ho.

Lien vil også poengtere at sjansar som dette ikkje kjem så ofte.

– Ein kan ikkje gå og vente på neste annonse, for den kjem ikkje før om ein del år. Det er no sjansen er her. Om ein går på skule og har tenkt å gå vidare på master eller doktorgrad, kan ein ta det seinare. Kanskje kan ein bruke denne jobben til modning i praksis, og prøve å sjå det på den måten, seier ho.

Sjølv om ein kan dele stillinga i mindre brøkar og i teorien kan bu kvar ein vil så lenge ein møter opp til undervising, meiner både Nyberg og Lien at det er viktig at den eller dei som blir tilsett blir ein del av miljøet i Setesdal.

– Me treng folk som er del av miljøet i kvardagen, som kan vere her og bidra på sosiale kveldar, bygge opp øvingar og aktivitet utanfor vanleg kulturskuleundervising, seier Annbjørg Lien.

Kulturpatrulja i Setesdal er eit viktig utstillingsvindauge for unge utøvarar. No håpar einingsleiar for kultur og fritid i Valle, Torunn Charlotte Nyberg, på å få på plass eit stabilt tilbod i kulturskulen, med ei interkommunal folkemusikkstilling. Foto: Kulturpatrulja

– Betyr alt for ein sårbar tradisjon

I motsetnad til UNESCOs verdsarv, der det på statleg nivå i Noreg er god organisering og øyremerkte midlar, har ikkje den immaterielle kulturarven like kår. Sjølv om tredelinga mellom kommune, fylke og stat skal gjelde også her, påpeikar Lien at prosjektet ho har jobba med dei siste åra i stor grad har basert seg på innsats frå Agder fylkeskommune, kommunane i Setesdal og det frivillige kulturlivet.

– Det er sterkt at kommunane har tatt denne stillinga på deling. Dei har delt i rein brøk, uavhenig av kommuneøkonmi. Det viser vilje til samarbeid. Fylkeskommunen har også stilt tungt opp både med økonomisk støtte og materiell, i tillegg til ressursen gjennom stillinga mi i Setesdalsfolk.

– Stillinga som no er utlyst for kulturskulane i Setesdal betyr alt for ein sårbar tradisjon. Det er difor UNESCO-lista er til, for å synleggjere tradisjonar som treng vern. Setesdalstradisjonen er ein slik representant for folkemusikken i heile Noreg. Vi er eit land med mange små samfunn som treng hjelp for at tradisjonar ikkje skal døy ut, seier Lien.

Ho peikar på at det også finst andre stader med få ressursar og lang avstand mellom dei.

– Det er dette me har jobba for dei tre siste åra – å flytte ansvaret som alltid har lege i det frivillige til å bli forankra i det offentlege, fortel Annbjørg Lien og legg til at ho håpar dei kan vere med på å skape ein modell som kan flyttast over til andre samfunn som treng vern.