Siste utgåver

Les

FOLKEMUSIKK 2/2021

Erlend Apneseth Trio gir ut plate med elektronisk dansemusikk – men dei har aldri vore ute etter å «fornye folkemusikken», slår bandleiaren fast. Mathilde Øverland jaktar etter den moderne norske stevdiktinga. Med ny jobb og doktograd ser Annbjørg Lien på musikken med nye auge, og Musikkhøgskolen får sin første doktorgrad i utøvande folkemusikk. I sommarutgåva av Folkemusikk blir du òg kjend med Noregs eldste folkemusikkopptak, «Riksscenens far» Jan Lothe Eriksen, tohundreåringen Fel-Jakup og dei to forskarane bak ei kommande langeleikbok.

Siste utgåver

Les

FOLKEMUSIKK 1/2021

Korleis går Elizabeth Svarstad fram for å attskape dansar som ikkje lenger finst? Kva er planlagt som erstatning for Landskappleiken og Landsfestivalen – som også i år er avlyste? Kva er keltisk musikk? Og kva går vegen etter #metoo-oppropet i november? I første Folkemusikk i 2021 møter du òg Kjell Midtgaard, Kajsa Balto, Jakop Janssønn, familien til slåttekomponist Harald Haug og den gamle og den nye Hilme-sjefen. Du kan lese om hardingfela og andre understrengsfeler gjennom historia, og om kvifor ein vanleg kjøkkenkniv var uvurderleg då den neste eldste norskbygde fela skulle restaurerast. Du får òg smånyhende, bok- og platemeldingar – og kryssord!

Siste utgåver

Les

FOLKEMUSIKK 1/2020

Kva tyder det for Setesdal at musikken og dansen deira no er på UNESCOs verdsarvliste? Er Frikar eit «nasjonalt dansekompani»? Kva skjer med Nordnorsk folkemusikksamling når sjefen no går av med pensjon? Korleis samarbeider samiske artistar på bransjetreffen Womex? I årets første Folkemusikk møter du også NRKs folkemusikklegende Lisa Halvorsen, den Stjernekamp-aktuelle kvedaren Kim Rysstad, det driftige ekteparet Vårdal i Vågå og dei kreative langeleikbyggarane Røine og Husemoen på Lillehammer.

Siste utgåver

Les

FOLKEMUSIKK 4/2019

I det siste Folkemusikk for året kan du bli med på durspel- og toradarkurs i Trondheim, folklorefestival i Mexico og Oddvar Nygaard-jubileum i Fron. Vi har intervjua Ruth Wilhelmine Meyer, ein eksperimentell folkemusikkglad vokalkunstnar, og Hamid Sakhizada, tradisjonell dambura-spelar som måtte flykte frå Afghanistan til Harstad. Du kan òg lese om kvinnelege felespelarar frå Røros-distriktet, det motstraums plateselskapet Motvind, meiningar om mangfaldet i sjangeren vår, og ei mengd nye plater, bøker og utstillingar.

Siste utgåver

Les

FOLKEMUSIKK 3/2019

I Sogn og Fjordane har dei flust av folkemusikarar tilsette som distriktsmusikarar, og Sigrid Moldestad held arven etter storspelemannen Peder Råd i hevd. Hallingdansen har ei lang kappleikshistorie, men først i år har ei kvinne vunne ei hallingklasse på sjølve Landskappleiken. Ta:lik har avslutta CD-serien med historiske slåtteopptak frå Gudbrandsdalen. Västanå Teater i Värmland fyllar 20, Telemarkfestivalen 30 og plateselskapet Heilo 40 år. I Folkemusikks haustnummer les du om alt dette og mykje anna!

Siste utgåver

Les

FOLKEMUSIKK 2/2019

Til sommarnummeret av Folkemusikk har vi intervjua gullgravaren Sigrid Stubsveen, kulturbøndene Øystein Rudi og Knut Fausko, bestillingsverkkameratane Erlend Viken og Ellen Andrea Wang, countrykameratane Johanne Flottorp og Marie Tveiten og nokre til. Vi har meldt Bygda Dansar Rogaland, Tuva Syvertsens «blodklubb», bøker om folkemusikken i Vestfold og folkedansen i Kristiania, og – som vanleg – ein haug nye plater. Sommaren blir ikkje den same utan!