Solfrid Nestegard Gjeldokk drar heim til Hallingdal for å overta som dagleg leiar av Folkemusikkveka i Ål.

– Eg kjem frå Hallingdal og har alltid tenkt at eg ville heimatt ein gong. Folkemusikkveka er viktig, og Ål er ein veldig fin plass å bu, fastslår Solfrid Nestegard Gjeldokk (36).

Gjeldokk er eigentleg frå Geilo, men som halvt åling med far frå Ål har ho sterke band til bygda, og det er liksom å kome heim også der.

Ho er styreleiar i Folkemusikkveka, så det må ein ny person inn i dette vervet når Gjeldokk overtar som dagleg leiar etter at Silje Risdal Liahagen har fullført årets arrangement.

Liahagen har vore festivalsjef sidan 2019. Ho er godt kjent i miljøet også som etablert utøvar innan song og dans. Ho satsar no vidare som frilansar.

SOLID BAKGRUNN

Solfrid Nestegard Gjeldokk har utdanning innan kulturleiing og tradisjonsmusikk både frå Universitetet i Sørøst-Norge (tidlegare Høgskolen i Bø) og Ole Bull Akademiet. Ho har jobba i FolkOrg sidan 2019 som rådgjevar for lokallag, arrangørar og rekruttering. Før det var ho bunadsansvarleg ved Heimen Husfliden Oslo i tre år.

Solfrid Nestegard Gjeldokk har utdanning innan kulturleiing og tradisjonsmusikk og har solid erfaring som rådgivar for arrangement i FolkOrg og engasjement på fleire store festivalar. Foto: Anders Lillebo
Silje Risdal Liahagen (t.v.) takkar for seg, og Solfrid Nestegard Gjeldokk overtar som dagleg leiar av Folkemusikkveka i Ål. Foto: Ole Johs Brye

Gjeldokk har røynsle frå planlegging og gjennomføring av store arrangement på fleire område og fleire stader, blant anna frå Trondheim jazzfestival og Trondheim kammermusikkfestival.

I tillegg er Gjeldokk utøvar innan både folkedans og song, og har lang erfaring frå Folkemusikkveka som tilskodar, dugnadsarbeidar, utøvar, styremedlem og som nemnt styreleiar. Ho kjenner altså betre enn dei fleste kva som skal til i den nye jobben.

– Folkemusikkveka betyr svært mykje for meg, og eg gler meg stort til å ta fatt på jobben, seier den nye sjefen for det tradisjonsrike arrangementet, Solfrid Nestegard Gjeldokk.

Folkemusikkdagane i Ål starta i 1976. Då var det ikkje så mange andre tilbod enn kappleikar innan folkemusikk og folkedans her til lands. Entusiastar hadde året før vore på studietur til Kaustinen i Finland og sett korleis dei kunne utvikle ein festival med folkefest over tre-fire dagar.

– Dette var noko nytt her til lands med folkemusikk i kunstnarleg utfalding, i eit folkeleg miljø, gjennom fleire døgn, utan tevling og poengjag, kan ein lese på nettsida til Folkemusikkveka.

Heilt sidan starten har den uhøgtidelege Bygdamønstringa (fritt fram for alt og alle) vore ein grunnpillar i programmet. Frå 1979 kom kyrkjekonsertane der felespelarane og songarane fekk vist sider av repertoaret som dei aldri kunne ha brukt på kappleikar.

– Det siste tiåret har Fanitulltevlinga gitt store musikalske opplevingar som den einaste tevlinga i landet der deltakarane, utan klasseinndeling – og med vanleg fele og hardingfele, side om side – står fram i den skirselden det er å skulle måle seg med dei beste spelemennene i landet.