I september i år tek Sølvi Lien over som direktør og kunstnarleg leiar i Førdefestivalen. Ho kjem frå stillinga som arrangementssjef i den same festivalen, ein jobb ho har hatt sidan 2006.

– Vi i styret er trygge på at vi har tilsett ein direktør som er særs kompetent til å ta Førdefestivalen inn i framtida. Med Sølvi Lien i direktørstolen har vi ein leiar med ein sterk posisjon i fagmiljøet, seier styreleiar i Førdefestivalen Arne Osland i ei pressemelding.

Han seier også om den nye direktøren at ho har spisskompetanse i festivalprogrammering og evne til å tenkje nytt og gjennomføre nye idear.

Som arrangementssjef i festivalen, har Lien hatt ansvar for den tekniske gjennomføringa av alle store og små arrangement.

– Førdefestivalen er unik! Eg gler meg til å bygge vidare på det fantastiske utgangspunktet vi har, og skape dei beste folkemusikkopplevingane frå heile verda, seier Sølvi Lien sjølv.

Ho ynskjer spesielt å arbeide vidare med å styrke Førdefestivalen sin posisjon som eit viktig kulturfyrtårn i Noreg, i tillegg til å jobbe for at festivalen skal bety noko for endå fleire.