I Trysil får barnehagane i kommunen no eit godt verktøy som skal gjere det lettare for dei å jobbe med lokale songar og dansar saman med dei små. Trysil-Knut dans- og spelmannslag har nemleg gitt ut eit hefte med repertoar og pedagogiske opplegg for dei barnehagetilsette.

– Då me arrangerte Landskappleiken i 2018 bestemte me oss for at overskotet skulle gå til aktivitet og prosjekt for barn og unge i området her. Me har allereie eit godt samarbeid med ho som er kommunen sin kontakt for Den kulturelle skulesekken, så me har ein veg inn i skulen gjennom henne. Men no hadde me lyst til å gjere noko for dei i barnehagen i tillegg, fortel Else Myhr, som er prosjektleiar for heftet.

For nokre år sidan blei det søkt om pengar til å reise på barnehagebesøk, men så blei alt naturleg nok utsett. Då fann prosjektgruppa i spelemannslaget ut at dei ville gjere noko anna for å komme i gang. Dermed lagde dei eit hefte som var litt meir omfangsrikt enn dei først hadde tenkt.

Else Myhr held opplæring for dei tilsette i Trysil Menighetsbarnehage i Innbygda. I løpet av våren er målet å ha kursa alle dei 18 barnehagane i kommunen i lokale songar og dansar. (Foto: Trysil Menighetsbarnehage)

Eg har fått tilbakemeldingar på at heftet er passe stort. Viss det blir for innhaldsrikt, kan det bli overveldande.

Else Myhr, Trysil-Knut dans- og spelmannslag
CD-en 'Treet' kom ut i 2015, og no har Trysil-Knut Dans og spelmannslag gitt ut eit inspirasjonshefte for barnehagar basert på innspelingane. (Foto: Trysil-Knut Dans og spelmannslag)

Dans, song og CD

– I første omgang hadde me tenkt å fokusere på barnehagebesøka og berre ha eit lite hefte med så dei kunne drive på litt vidare sjølv. Men no blei det litt større, fortel Myhr.

Prosjektgruppa har bestått av henne sjølv, Inga Myhr og Margrete Nordmoen. Inga Myhr har stått for å finne dansar og skildre desse i heftet, medan Margrete Nordmoen og Else Myhr har valt ut songane.

Musikken dei har teke utgangspunkt i på CD-en som følger med heftet, er henta frå spelemannslaget si utgjeving frå 2015.

– Me har plukka ut dei songane som passar best i barnehagen. Dansane er tilpassa dei små, og me viser kva spor på CD-en som passar til dei ulike dansane. Men me foreslår også alternativ musikk, dersom dei berre har strøymetenester tilgjengeleg der dei er, fortel Else Myhr.

På eit møte med barnehagesjefen i kommunen og alle barnehagestyrarane blei ho møtt med positivitet, og alle avdelingane i barnehagane ville ha besøk av henne. Frå november i fjor til februar i år har Myhr vore innom 17 av 18 barnehageavdelingar i kommunen og presentert heftet og jobba med både ungar og tilsette. Ho har også hatt eit eige kurs for dei tilsette i ein barnehage, medan planen eigentleg var å ha felleskurs for alle barnehagetilsette i kommunen i januar. Det gjekk ikkje på grunn av smitterestriksjonar, men no håpar dei på å få gjennomført dette i løpet av våren.

Passar også for dei minste

– Når eg er på besøk i barnehagane, er det ikkje alle ungane som vil vere med med ein gong. Men dei får likevel med seg mykje når dei er i rommet. Inga har laga ein dans for dei minste, med rørsler som å klappe på magen og hovudet og å snurre rundt. Dette kan eittåringar vere med på, også dei som ikkje kan gå. Ein må ikkje vere redd for at ting skal vere enkelt og repetativt, fortel Myhr, og legg til at barnehagane er glade for at opplegget passar for den yngste aldersgruppa også.

Myhr fortel at laget allereie har fått bestillingar på heftet frå rundt om i landet og frå Sverige. Ho seier at heftet passar bra for alle, også dei som ikkje har så mykje kjennskap til folkemusikk og folkedans frå før.

– Eg har også fått tilbakemeldingar på at heftet er passe stort. Viss det blir for innhaldsrikt, kan det bli så overveldande at dei tilsette ikkje orker å sette seg inn i det. Så med den størrelsen me har nå kan me heller lage ein oppfølgar om nokre år dersom det er interesse for det, seier Myhr.