Alexander Aga Røynstrand er ikkje kjend for å planlegge alt i detalj. – Eg spelar mykje på impuls, innrømmer han.

Då Alexander spelte under hundreårsjubileet til FolkOrg i Grieghallen i haust, var det meste planlagt. Men det kan bli impulsivt både på små og store scener.

– Eg likar å improvisere litt, seier han rett før avreise til Showcase Glasgow, der ein av verdas største folkemusikkfestivalar, Celtic Connections, blir arrangert samtidig.

– Kva skal du spele?

– Det veit eg ikkje. Eg har mange slåttar å velje mellom.

– Du er ikkje så god til å planlegge?

– Tja, nei. Men eg god til å ta ting på sparket. Nokre ting er greitt å ha avklart. Men også å ha noko ope. Det går som regel bra. Eg er skrudd saman til å ta ting på sparket. Men eg har ei ramme omkring det eg vil framføre.

– Det er altså snakk om stemninga den dagen?

– Ikkje nødvendigvis så enkelt. Eg er også prega av kven som høyrer på. Og av lokalet. Og så kva slags fele eg skal bruke.

Alexander har lyst å ha med fire feler til Glasgow: Røstad-fela (stemt i e-a-d-d) er sjølvsagt med. Og så gjerne ei på nedstilt bass (e-a-d-g), ei trollstilt (a-e-a-c#) og ei på huldrestille (a-d-f#-e). Men han må kanskje nøye seg med tre eller berre to på denne turen.

Fele-spleisen

Målet om 200.000 kroner er snart nådd. Dette kan du få igjen frå Alexander Aga Røynstrand for spleisbidrag til kjøp av Røstad-fela:

  • Tilsendt slåtteopptak kr. 1.000
  • Mindre speloppdrag 5.000
  • Alexander-konsert 9.500
  • Nykomponert slått 15.000 – (kan velje taktart og namn)

Les også:

No eig Alexander godfela sjølv

Norske artistar til Showcase Scotland (folkorg.no)

Showcase Scotland

Norge er internasjonal partnar på Showcase Scotland i Glasgow 24.–28. januar. Seks norske artistar får reise dit for å spele og promotere seg sjølve og sin musikk. Artistane skal spele både showcase-konsert, samt ha kvar sin eigen store konsert på festivalen Celtic Connections.

Norske artistar til Showcase Scotland 2024:

  • Gabba
  • Erlend Viken Trio
  • Alexander Aga Røynstrand
  • Gangar
  • Ævestaden
  • Julie Alapnes