Fin solodebut frå ein smålåten sigdalsspelemann.

Steinar Strøm (46) er ein framifrå hardingfelespelemann. Han dyrkar og odlar slåttetradisjonane i Sigdal og tilgrensande distrikt, er den sjølvsagte musikalske leiaren i Sigdal Spellemannslag, og har lagt ned mykje flid og omtanke i rekrutteringsarbeidet for folkemusikken, òg som lærar i muskkskulen. Han er smålåten på eigne vegner: Det vert sagt at han – trass i stort talent – har sett si eiga karriere til sides og heller satsa på formidling til andre som vil lære.

Det er difor på høg tid at Steinar Strøm no kjem ut med ein solo-CD, Blåmåndagen. Her blir det særeigne repertoaret frå Sigdal falda ut i tjue fulltonande og gjennomarbeidde slåttar. På denne plata nyttar spelemannen berre Helland-feler (bygde i 1866, 1906 og 1920) med i alt fire ulike felestille.

Me kjenner til ein solid spelemannstradisjon bak desse slåttane. Hovudkjeldene, som Steinar Strøm har lært beinveges frå, er Nils Stubberud (f. 1921), Gunnar Stubberud (f. 1925), Engebret Hiåsen (f. 1916), Ola Hiåsen (f. 1920) og eggedølen Per Enderud (f. 1912). I heile mellomkrigstida var det eit levande spelemannsmiljø i Sigdal, blant anna med kappleik i bygda kvar vår.

Steinar Strøm: Blåmåndagen
  • Ta:lik, 2015
  • 20 spor, 47 minutt
  • Lyd: Fridtjof A. Lindemann og Niels J. Røine

Det går sjølvsagt mest i springarar på Blåmåndagen. Formene er korte, støe, tilhogde og meisla som i stein. Me kjenner att vek og vendingar frå slåttar i Krødsherad, Hallingdal og Numedal, men nokre av slåttane er heilt unike «sigdølske». Inniblant perlene dukkar det opp ein manande reinlender etter A.G. Stubberud, ein vals etter Torstein Lie og ein sjølvlaga halling – fin, men litt dyster og noko mørk til å sprette seg etter. Ein avstikkar til Seljord, frå den tida Nils Stubberud var gardsgut hjå Torkjell Haugerud, har berga ei sjeldan utgåve av «Maltsteinen» for ettertida. På plata høyrer me denne som gangar/lydarslått etter Myllaren – i ei form som Haugerud skal ha halde særleg gjæv.

Det er ein fullrøynd toppspelemann me møter: A-klassing heilt sidan 1989, med kontroll over eit teknisk avansert spel og med fin, rund feletone i framføringane. Trampinga i springarspelet – nesten jamn! – høyrest diskret underliggjande i dei fleste slåttane. Tekstheftet, på norsk og engelsk, er korthogd, men like fullt interessant og gjevande. Rispene etter eldre spelemenn er morosame.

Alt i alt ein fin platedebut for Steinar Strøm – frå eit område i landet som hittil ikkje har skjemt oss bort med plateutgjevingar.