Moderne arbeiderklassefolkemusikk frå Aust-London.

Stick In The Wheel: Hold Fast
  • From Here Records, 2020
  • 11 spor, 41 min.
  • Produsert av Ian Carter
  • Musikarar: Nicola Kearey (song), Ian Carter (gitar); gjestemusikarar: Sian Monaghan (trommer), John Kirkpatrick (melodeon)

Stick in the Wheel, som omsett til norsk får namnet «kjepp i hjulet» er eit engelsk band med base aust i London. Bandet er i utgangspunktet eit tomannsband med vokalist Nicola Kearey og Ian Carter som produsent og gitarspelar. Musikken deira er politisk motivert, og me tolkar det dit at namnet på bandet illustrerer kva dei ynskjer å vera, nemleg ein kjepp i det politiske hjulet.

I opningslåten på plata, «Forward», har dei teke utgangspunkt i ein jødisk klagesong med tekstar som handlar om håpefullt opprør. Nicola Kearey ynskjer å styrta leiarane og løgnene deira for ei betre framtid. Splitt og hersk er den einaste reine konspirasjonen, meiner ho. Som politisk motiverte musikkmeldarar, lyder dette som musikk i våre øyrer, i dobbel forstand.

«Hold fast» er den sjuande plata til bandet. Den flettar saman tradisjonell folkemusikk med element som er påverka av elektronika, psykedelia, rock og folkelege protestsongar. Ved fyrste augekast så syntest me at det var veldig omtenksamt at dei hadde omsett tittelen på plata til norsk for norske lyttarar. Etter å ha filosofert litt her, fann me ut at dei dessverre ikkje er så innovative, men at namnet på plata er ein engelsk klisjé frå havet om å halda i roret for å koma seg gjennom stormen, knytt til pandemien me er inne i.

Vokalist Andrea seier plata handlar om å arbeida hardt når ein møter på motstand, og fokusera på det positive og håpet som finst. Med andre ord det same som me fokuserer på når me melder plater.

Favorittsongen vår på plata er «Drive the cold winter away», ein tradisjonell tekst med ein moderne og fengande elektronisk melodi. Så kan ein heller stilla seg undrande til om teksten er fake news eller ironisk, sidan me ikkje visste at det fanst kalde vintrar i England.

«Soldier, Soldier» og «Fake Away» er låtar som er meir tradisjonelt bygd opp. Er du på leit etter ein meir psykedelisk song, kan me tilrå «Nine herbs charm», likar du rock og elektrisk gitar ville me ha sett på «Budg & Snudg» og «A tree must stand in the earth».

Alt i alt synest me dette er ei fin, interessant og variert plate. Dersom du skal introdusera folkemusikk for folk som har allergi mot felespel eller torader/trekkspel, men vert litt motivert av folkelege protestsongar, kan du trygt tilrå denne plata til dei.

Seks tysdagar i sommar meldar Tvillingfolk, alias Halldis og Gudrun Folkedal, internasjonale folkemusikkplater på folkemusikk.no. Alle meldingane finn du i meldt-seksjonen