Sveinung Dalen frå Bø i Telemark døydde den 2. november 101 år gammal. Han var ein av dei fremste hardingfelespelemennene i Telemark i andre halvdel av 1900-talet.

Sveinung Dalen var født på garden øvre Dalen i Eikjabygda i Bø. Faren Halvor O. Dalen (1889–1975) spela noko på hardingfele, og han dreiv litt med hardingfelebygging òg. Han var sjølvlært og spela enklare danseslåttar til husbruk. Sveinung fekk lære litt av far sin frå 8-årsalderen. Mor til Sveinung var dotterdotter av bygdespelemannen Anund Lia/Kleiva, som budde på plassen Stegalia under Jønneberg til han flytte til Kleiva i øvre Bø.

Elles var det ein del bygdespelemenn på gardane i Uvdal og Eikjabygda. Ein var Gunne Dagtjønndalen (f. 1898), som Sveinung spela litt saman med. I midten av 1930-åra fekk Sveinung høyre storspelemannen Gunnulf Borgen, som da budde nokre år på garden Brenne. Gunnulf spela stort sett heile tida der. På denne tida var seljordspelemannen Harald Manheim forpaktar på Brenne. Sønene til Harald, Eigil, Gudmund og Magne var også gode spelemenn, og da var det mykje speling der.

Under krigen blei Sveinung Dalen kjent med spelemannen Halvor Eikjarud (1878–1970), som budde på Eikjarud nedst i Eikjabygda. Halvor Eikjarud hadde god greie på slåttar, og han blei bruka ein del som kappleikdommar. Han hadde ein del spesielle slåtteformer også, særleg ting han hadde lært av Dahle-spelemennene og av Lars Fykerud direkte. Hos Eikjarud fekk Sveinung lært slåttar tak for tak.

Hos Halvor Eikjarud blei Sveinung kjent med den gode spelemannen Thor Rønningen (1879–1950) frå Flåbygd i Lunde. Thor Rønningen var ein av fire brør som alle spela fele, mellom dei Kjetil Roheim som budde på Ulefoss. Rønningen hadde særleg slåttar i Dahle-tradisjon. I Lunde sentrum hadde Thor Rønningen skreddarverkstaden sin, og mange spelemenn var innom han der, mellom dei Torkjell Haugerud, Gunnulf Borgen og Gjermund Haugen. Fleire slåttar etter Rønningen er skrive opp på notar i verket Norsk Folkemusikk: Hardingfeleslåttar. Sveinung Dalen reiste ofte til Thor Rønningen for å lære slåttar, og da Sveinung kom dit, blei skreddarnåla lagt til side.

Thor Rønningen var ein del av eit spelemannsmiljø i Lunde, som gjekk langt tilbake i tid. Frå Hans Fiskestigen (1786–1858) og sonen på Ulefoss spreidde spelet seg til spelemennene på Saltevju i Flåbygd – Per, Andres og Gunnar Saltevju, som i hovudsak spela fiolin. Derfrå var det slektskap til Harald Steinsrud (1830–1906), som hadde spela med Myllarguten. Rundt 1900 kom Aslak Lundtveit (1870–1948), som på denne tida var ein av dei beste på dei første kappleikane i Vestmannalaget i Bergen.

Vidare var det kontakt opp gjennom Uvdal i Eikjabygda til storbonden Halvor Uvdal d.e. (1828–1900) og Borgen-spelemennene i Bø. Hans Fykerud d.e. (1825–1879) var født på ein gard mellom Eikjabygda og Bø og voks opp på Fykerud-plassen i Bø. Halvor Uvdal d.e. fekk han til å lære opp sønene sine, og elles var Hans på besøk til slektningane sine i Eikjabygda. Frå Uvdal var det ikkje langt over heia til spelemannen Steinar Øverland på Seljordsheia, som var i slekt med Saltevju-spelemennene. Sonen Erik Øverland (1858–1949) blei nummer tre på den første kappleiken i Bø i 1888. Denne speltradisjonen i Lunde og Eikjabygda har til nå vore lite studert og omtalt.

Under krigen blei Sveinung Dalen kjent med spelemannen Halvor Eikjarud. Han hadde ein del spesielle slåtteformer også, særleg ting han hadde lært av Dahle-spelemennene og av Lars Fykerud direkte.

Sveinung Dalen har drive som målar og snikkar i Bø og i distrikta rundt. I Bø var det mange gode spelemenn, og Sveinung kom etter kvart i kontakt med desse. Mange av dei kom saman i Spelemannslaget Bøheringen, som blei starta i 1934. Det var Gunnulf Borgen, Einar og Kristiane Lund, Tollef Forberget, Anund Roheim, Jens Amundsen og fleire. Særleg har Sveinung vore mykje saman med Jens Amundsen, og dei to spela mykje på ulike tilstellingar gjennom mange år. Etter at Sveinung bygde seg hus ved Tjønnås stasjon, kom det spelemenn dit, mellom dei var Gunleik Kåsa frå Gvarv, som Sveinung lærte slåttar av. I 1949 var Sveinung fleire gonger til Torkjell Haugerud på Nes. Etter kvart kan ein seie at spelet til Haugerud i særleg grad kom til å stå som eit ideal for Sveinung.

Sveinung Dalen spela roleg og med høgtid, klart og reint, slik at detaljane i slåttane kom godt fram. Han har vore ein stillfarande mann og er eit eksempel på at spelet ber preg av personlegdomen til spelemannen. Han har alltid vore nøye med å gi att slåttane i den form han har lært dei frå kjeldene sine, utan for mykje improvisering.

I 1939 spela Sveinung Dalen på kappleik første gongen. Han kom raskt opp i A-klassa. Likevel har han ikkje vore av dei ivrigaste kappleikdeltakarane. Dersom ein kan seie at kappleikspel gjerne krev eit spel med stor kraft og driv, var vel ikkje Sveinung Dalens spel så godt eigna for å nå til topps på kappleikane. I eldre år fram til han fekk eit slag i 1992 var han likevel med på ein del kappleikar, og han kom da høgt opp på premielistene. Elles spela han ofte på konsertar og på ulike tilskipingar, gjerne saman med venen Jens Amundsen. Sveinung Dalen spela inn slåttar for NRK og hadde fleire eigne folkemusikkhalvtimar i NRK. I 1976 gjorde Knut Buen opptak med Sveinung. I 1981 spela han inn mange slåttar for Folkemusikkarkivet i Telemark.

For sin innsats for hardingfelespelet i Telemark fekk Sveinung Dalen Telemark Ungdomslags Myllargutmedalje i sølv, og i 1992 fekk han også velfortent Musikkprisen for Bø.

Etter kvart fekk Sveinung Dalen ei stor slåttekunne innan ulike slåttetradisjonar i telemarkspelet. Som erfaren spelemann lærte han seg slåttar etter opptak, når dette etter kvart blei tilgjengeleg etter ca. 1960. Etter at han fekk eit slag da han blei 70 år, blei det slutt på å spele offentleg, men sjølv etter dette heldt han fram med å lære seg nye slåttar opp i høg alder.

I 2019 fekk Sveinung gitt ut den første CD-en sin, kalla Helg. Da var han 97 år! Men dette er slåtteopptak gjort da han var på høgda som spelemann. Helg er å få på Folkemusikkarkivet i Telemark for dei som vil høyre ein framifrå telemarkspelemann, som Sveinung Dalen var. Det var alltid hyggeleg å kome på besøk til Sveinung og Anna. Da kom fela alltid fram, og Sveinung var alltid viljug til å lære frå seg slåttar til yngre spelemenn.

Sveinung Dalen spela roleg og med høgtid, klart og reint, slik at detaljane i slåttane kom godt fram.

Les også:

Sveinung Dalen – helg

Allsidig debutplate fra nittisjuåring fra Bø i Telemark. Meldt av Bjørn Aksdal