Bjørn Aksdal tek imot utmerking frå Kungliga Gustav Adolfs Akademi for svensk folkkultur.

Kungliga Gustav Adolfs Akademien, eit av Sveriges mange kongelege akademi med hovudsete i universitetsbyen Uppsala, har nyleg annonsert kva for nitten priser dei deler ut i år. Akademiet blei skipa i 1932 og stør forsking, gir ut bøker og deler ut fleire prisar. Desse går til personar som har utmerkt seg i studium av folkekultur av alle slag – folkedrakter, eventyr, folkemusikk og dans og så vidare.

Ein av prisane heiter Sten Carlssons minnesfond, kalla opp etter den svenske historikaren Sten Carlsson (1917–1989) som m.a. var ein av hovudredaktørane for storverket Den svenska historien. Prisen hans for 2018 blir tildelt musikkvitar Bjørn Aksdal frå Trondheim – «för hans omfattande och betydelsefulla forskning om folkliga musikinstrument i Norge i samspel med landets levande folkmusikscen.» som akademiet skriv i grunngivinga si.

Fokus på formidling

Kungliga Gustav Adolfs Akademi for svensk folkkultur har omlag 70 arbeidande medlemmer, 40 svenske og 30 utanlandske. Som andre svenske akademi er dei løyndomsfulle kring tildelingsprosessane, slik som kva for medlemmer som har nominert Aksdal. Men litt kan han seie, sekretær for akademiet Gunnar Ternhag – som forresten tidlegare har vore redaktør for Spelmannen, bladet til Sveriges Spelmäns Riksförbund.

– Akademien påskjønner personar i hele Norden, og også slike utanfor Norden som har gjort ein stor forskingsinnsats på nordiske emne. Difor er det sjølvsagt at ein person som Bjørn Aksdal kan få honnør for forskinga si på folkelege musikkinstrument, skriv Ternhag i ein e-post.

Det er ofte norske språkforskarar får pris av akademiet, fortel Ternhag, men første gong i hans tid at ein norsk musikkforskar får prisen – på høg tid, legg han til.

– Slik det går fram av grunngivinga vår, legg vi òg vekt på at Aksdal har vore aktiv folkemusikar i tillegg til forskar, skriv Ternhag til slutt. – Akademien vil løfte fram forskarar som formidlar forskinga si.

Bjørn Aksdal presenterer boka Hardingfeledekoren under Norsk Folkemusikklags seminar på Fagernes i 2015. (Foto: Sveinung Søyland Moen, Norsk Folkemusikklag)

Kjole og kvitt

Prisvinnar Bjørn Aksdal sjølv fortel at han er både svært glad og overraska over tildelinga.

– Eg visste ikkje at dette akademiet delte ut prisar, eller at ein i Noreg kunne ta imot ei utmerking frå dei! Eg er audmjuk over ei slik påskjønning frå det akademiske miljøet i Sverige – det viser at nokon har lese det eg har skreve og set pris på forskinga mi på dette feltet. Det er alltid godt å vite at ein når ut til folk med det ein gjer.

Prisen blir delt ut på Uppsala slott 6. november. Aksdal og kona gler seg til seremoni og middag i Uppsala, der det er kjole og kvitt som gjeld. Prissummen er på 55 000 svenske kroner, eit beløp som kjem godt med for den i dag uavhengige musikkforskaren og forfattaren.

– Slike pengar gir kjærkomme handlingsrom, større fridom til å jobbe med ting som interesserer meg, til dømes skrive bøker og artiklar. No først handlar det om å få skreve ferdig ei bok om langeleiken saman med Elisabeth Kværne. Dette er slikt arbeid ein som forskar vanlegvis gjer fordi ein meiner det er viktig, ikkje fordi ein får godt betalt for det, seier Aksdal til slutt.

Bjørn Aksdal er fast kritikar og skribent i Folkemusikk.