Etter nesten ti år i jobben takkar Audun Stokke Hole for seg som redaktør i Folkemusikk.

– Eg kjenner at både eg og magasinet kan ha godt av litt fornying, seier Audun Stokke Hole som sluttar ved utgangen av april. Men han vil framleis vere knytt til Folkemusikk i ei deltidsstilling.

Audun minnest godt starten og det han karakteriserer som ei bratt læringskurve.

– Då eg byrja i jobben, hadde eg nokså lite kunnskap om norsk folkemusikk og folkedans. Eg er heller ikkje journalistutdanna. Eg måtte nytte røynsla mi frå studentavis og studentradio, og min breie kunnskap om verdsmusikk og erfaring med sosialdans, fortel Audun.

Men han hadde også i tillegg ei solid utdanning som ballast då han starta så smått i halvstilling 1. oktober 2014 og for fullt frå 1. desember same år.

– Du må elske musikk og dans i denne jobben, og du må skjønne kvifor vi treng desse uttrykks- og samværsformene i samfunnet. Og du må også vere glad i folk, seier redaktør Audun Stokke Hole, som har vore redaktør i Folkemusikk sidan hausten 2014. Her er han programleiar under Folkelarm 2017 på Riksscenen. Foto: Knut Utler

– Må like folk og musikk

Audun er både aust- og vestlending. Han har røter frå Hellesylt, og budde i Bergen i mange år. Han har studert mellom anna lingvistikk, bibliotekfag og skjønnlitterær skriving. Frå cv-en saksar vi at han har formidla verds- og folkemusikk både som journalist og platesnurrar, samt arbeidd i platebutikk og som bokbussjåfør.

Audun kom frå jobb som redaktør i Bibliotekforum, medlemsbladet til Norsk bibliotekforening, då han starta som redaktør i Folkemusikk. Det har vorte nesten ti år i magasinet Folkemusikk og med folkemusikk, ikkje berre i vanleg arbeidstid.

– Du må elske musikk og dans i denne jobben, og du må skjønne kvifor vi treng desse uttrykks- og samværsformene i samfunnet. Og du må også vere glad i folk. Du møter absolutt alle slags menneske frå alle slags miljø i ein slik jobb – kjendisar og eldsjeler, kjende og ukjende. Du pliktar å gjere alt du kan for å forstå og like kvar og ein. Vere nyfiken og lytte til kva dei har å seie.

– Og så må du vere oppteken av samfunnet og tida vi lever i, og sjå korleis folkekulturen formar og blir forma av alt og alle rundt, seier Audun med stort engasjement.

Må sjå framover – og attende

Som redaktør må ein ha overblikk og kunne sjå både attende og framover, meiner Audun.

– Sjølv har eg hatt stor glede og nytte av å lese gamle årgangar av Spelemannsbladet. Der ser ein at samtidig som samfunnet rundt endrar seg, så kjem miljøet tilbake til dei same debattane igjen og igjen. Det er heilt naudsynt. Eit miljø blir aldri «ferdig med» ein debatt, like lite som eit menneske blir ferdig med å ete seg mett, konstaterer Audun.

Den avtroppande redaktøren har samla opp erfaringar som har gjerne deler med både lesarar og dei som kan tenkje seg å overta som redaktør av Folkemusikk.

– Dette er ikkje jobben for den som vil jobbe 37,5 timar i 47 av årets veker. Når nytt blad skal ut, må ein jobbe så mykje som det trengst fram til det er i trykken, og stundom dukkar det opp saker og debattar som gjer at avtaler, kanskje tilmed feriar må avlysast.

– Læringskurva var tidvis bratt då eg starta som redaktør i Folkemusikk. Men det har for det meste vore ein utruleg givande jobb, konkluderer Audun Stokke Hole.

Her finn du stillingsutlysinga.