Etter å ha lyst ut stillinga før jul, har styret no tilsett ein ny direktør.

Tanja Holmen startar i direktørjobben i mars i år, og kjem frå arbeidet med å byggje rammeverk for ein ny vitskapsfestival ved NTNU, skriv Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) i ei pressemelding.  

Holmen er utdanna spesialpedagog frå NTNU og Universitetet i Oslo, og har ein master i kunnskapsleiing frå CBS. Som leiar har ho over 15 års erfaring frå ulike stillingar innan næringsmiddelindustri, sirkulær økonomi, høgskule- og universitetssektoren og besøksnæringa.  

Holmen seier sjølv i pressemeldinga at folkemusikken og folkedansen er viktige delar av den norske kulturarven, og at det å få moglegheit til å bidra inn i arbeidet med å fremje og bevare dette er heilt fantastisk.  

– Sff har eit viktig nasjonalt ansvar og organisasjonen har eit høgt ambisjonsnivå innanfor samlingsformidling, forsking og formdling av folkemusikk og folkedans. Dette er ei rolle som treffer kulturskatthjartet mitt hardt, seier ho.  

Styreleiar i Sff Eli Ulvestad, seier at styret er særs nøgde med å ha fått Holmen inn som ny direktør. 

– Ho vil bli eit spennande tilskot til kompetansemiljøet vårt, fortel Ulvestad.  

Tanja Holmen blir ny direktør for Senter for folkemusikk og folkedans.