Tre dagar og tre konsertar med eit stadig større orkester var fasit då Karl Seglem og Eli Storbekken inviterte til Tolgabukk-festivalen i august.

For Karl Seglem var det heilt naturleg å lage noko tilknytt Tolga, som han reknar som ein arnestad for bukkehorn. Seglem har i mange år forska på både bukkehornmusikken og instrumentet, og samarbeidet med Magnar Storbækken på Tolga er viktig for han. Han fortel at han er prisgitt ein instrumentmakar som tek dei utfordringane han kjem med, og får tak i gode horn og lagar gode instrument.

­– For meg er bukkehornet veldig utvidande, og ikkje konserverande. Det er viktig at det som er av bukkehornstradisjon i Noreg blir teke vare på, men for meg er det meir eit instrument å bruke til forsking og improvisasjon, både i klang og totaluttrykk.

Raud klimatråd

Tidlegare har Seglem spelt mykje med Eli Storbekken i Fabel-prosjektet hennar, og dei fann saman ut at dei kunne lage eit bestillingsverk, noko dei også fekk støtte til.

– Å få støtte gjorde at me fekk moglegheit til å jobbe med dette i fred og ro, med viten om at det skulle bli framført. Det gir eit fint utgangspunkt for å skape noko nytt. Eg har tatt tinga Eli har med seg inn i nye samanhengar, og det har vore ei fin utvikling i samarbeidet vårt, fortel Seglem.

Storbekken hadde med seg nokre ting ho hadde laga og nokre tradisjonelle vokale innslag, mellom anna ein geitelokk. Eit tema gjennom konserten var klima og miljø, og med noko av Seglems eigen poesi, blei dette den raude tråden.

Eli Storbekken

Besetning som voks

Komponistane og artistane budde, øvde og spelte konsert på Snekkarlemmen kulturlåve, som er ein ny kunstnarresidens i Tolga starta av Kristin Skrivervik. Det heile munna ut i ein tredagars konsert med både den minste, den mellomste og den størtste Tolgabukken.

– Ideen var at musikken skulle vekse for kvar dag, fortel Storbekken.

På den første konserten var det fem musikarar på scena i kulturhuset, blant dei Terje Isungset som var årets mottakar av Egil Storbekkens musikkpris. Dei to siste dagane telte orkesteret ti personar og blei flytt ut i kulturlåven. Om besetninga var den same på konsertane som hadde namna “Den mellomste Tolgabukk” og “Den største Tolgabukk”, var det likevel stor variasjon i uttrykket musikalsk. Den siste dagen blei konserten meir elektronisk, med mellom anna elgitar og elektronikk i bukkehorn-avdelinga, og det var også rom for lengre strekk med improvisasjon her.

Tre bukkehorn

På eit tidspunkt var det tre bukkehorn i bruk på scena. Utanom Seglem sjølv, blei desse traktert av Terje Isungset og Bendik S. Qvam.

– Tre bukkehorn, det er ein heilt uimotståeleg lyd, ler Seglem og held fram:

– Det er utfordrande og kjekt. Og eg er så glad for at unge folk som Bendik plukkar opp hornet og spelar så bra. Det er ei stor glede å få spele med han. Eg putta ting han kan inn i verket, som til dømes ein bånsull frå Os i Østerdalen og ein pols. Eg angriper bukkehornet på ein anna måte enn han, men det er fint, for då blir musikken utvida.

Komposisjonane til Seglem blei til med utgangspunkt i bukkehornet. Han laga ein kromatisk skala med seks tonar som han fann på hornet, og så skreiv han fleire tema innanfor denne skalaen. Så blei desse arrangerte ut i samarbeid med musikarane. Temaa blei bruka i fleire av konsertane, og dei gjekk som ekko frå den minste til den største bukken.

Terje Isungset, tek imot Egil Storbekkens musikkpris for året

“Tre bukkehorn, det er ein heilt uimotståeleg lyd.”

Karl Seglem

Eli Storbekken håpar at prosjektet skal få bli framført fleire gonger. Mellom anna er planen å spele det på Riksscenen under “Klangen før fela”-dagane neste år.

– Det blir nok ikkje alle tre bukkane der, men kanskje heller litt kortare små bukkar.

Sjølv om prosjektet er fleksibelt og kan framførast med færre utøvarar enn det som var maks på Tolga, var det likevel noko spesielt med å vere 10 personar på scena.

– Det gjorde mykje med dei to felene. Og med to trommeslagarar samtidig! Det blei veldig mektig, seier Storbekken