Du har kanskje sett meldingane hans i Folkemusikk, Ballade eller Jazznytt. Torkjell Hovland skriv om musikk innanfor fleire ulike sjangrar, men han har alltid eit mål om å formidle musikken ut til kven som helst. 

Torkjell Hovland melder musikk for magasinet Folkemusikk og fleire andre publikasjonar. Han er glad han stort slett slepp å trille terning. Foto: Privat

Intervjuet er òg publisert i magasinet Folkemusikk nr. 4/2023, som er ute no. Du kan kjøpe magasinet i nettbutikken Tekstallmenningen.no.

– Eg prøver å høyre på utgjevinga heilt uavhengig av sjangeren, også når eg skriv for Folkemusikk. Men så vil eg også lytte til musikken vidare med eit analytisk øyre. Då har eg mange ulike måtar å gå inn i det på. Eg liker også å høyre musikken før eg har lese presseskriv eller sjekka ut kven det er som speler, dei gongene det går. Men etter kvart kjenner ein til mange namn, og det vil naturleg nok fargelegge, seier Torkjell Hovland.

Han meiner den objektive anmeldaren ikkje finst.  

– Men det finst subjektive anmeldarar som søkjer objektivitet. Likevel vil det vere uærleg å late som at det finst noko som heiter objektivitet på dette feltet, seier han. 

Interessa for å skrive om musikk blomstra då han studerte musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Undervegs i studiane tok han kontakt med Audun Vinger i Jazznytt for å høyre om han kunne prøve seg der. Og det var starten. Seinare har han skrive mykje for Ballade og Folkemusikk, i tillegg til at han i dag jobbar i Oslo musikkråd som kommunikasjonsrådgjevar. Han er også musikar, med kontrabass som instrument.

Prøver å vere kritisk til seg sjølv

– Gjennom studiane, der eg også fekk innføring i musikkfilosofi og fekk utvida perspektivet litt, blei eg veldig glad i å skrive om musikk og musikkopplevingar uavhengig av sjangeromgrepa, fortel Hovland.  

Når han skriv, går han ofte i seg sjølv. Om han ikkje liker ting første gongen han høyrer det, gjev han det fleire sjansar. 

– Det er fort gjort å for tidleg ha eit inntrykk av kva musikken skal vere, og dømme etter dei rammene. Der må ein prøve å vere kritisk til seg sjølv, så ein tek musikarane på alvor. Eg vil lytte med mest mogleg opne øyre og ikkje bestemme meg for rammer som eg skal vurdere musikken utifrå.  

Å operere som kritikar i eit forholdsvis lite felt som folkemusikken, skjønner han at kan vere vanskeleg for mange. Særleg for dei som også er inne i feltet som utøvarar sjølv.  

– Men for min del handlar det litt om synet mitt på kva ein kritikk er for noko også. Eg kjem aldri til å skrive eit slakt, det kan eg seie med sikkerheit. Det er kanskje nokon som ikkje liker måten eg skriv på, ikkje nødvendigvis fordi dei vil ha slakt, men fordi dei vil ha meir brodd. Men eg ser eigentleg ikkje gode grunnar til å slakte, og i tillegg høyrer eg ekstremt sjeldan ting eg synest er direkte dårleg.

«Det er gøy at folkemusikken står i dette spennet mellom innovasjon og tradisjon, og det er bra med litt friksjon.»

Må vere trygg på argumenta sine

Likevel er det mykje han kan vere kritisk til, og ting han ikkje finn vellukka, både utifrå eiga oppleving og det faglege.  

– Men då skal eg vere trygg på det og argumentere godt for det. Det er jo ei av dei sentrale oppgåvene til kritikaren, slik eg ser det. Og for meg er det viktig at eg potensielt kunne ha sagt det til musikarane ansikt til ansikt, seier han. 

Han trur det er viktig med mange ulike blikk på musikken, og i Folkemusikk er han kanskje den som kjem litt utanfrå, sjølv om den vokale folkemusikken har stått sterkt i oppveksten hans i Ørsta, og seinare som kormedlem i Oslo kammerkor.  

– Det er bra å ha ulike stilar representerte blant kritikarar og skribentar. Spesielt i folkemusikken synest eg det er viktig med historisk blikk og tradisjonslinjer. Det er noko ein må ta vare på. Men eg synest også det er veldig bra med debatten som har vore etter Landsfestivalen (om Madam Jam og kva som er god gammaldansmusikk, red. merk.). Det er gøy at folkemusikken står i dette spennet mellom innovasjon og tradisjon, og det er bra med litt friksjon. 

Folkemusikk har eit spesielt ansvar 

Vidare meiner han at Folkemusikk, i kraft av å vere eit magasin som er eigd av FolkOrg, har ei spesiell rolle.

– Eg meiner magasinet er forplikta overfor medlemmene og feltet til å omtale ting som ikkje får omtale andre stader. Å få med mange utgjevingar er ein verdi i seg sjølv. Men samstundes er det synd om ein ikkje har nokre anmeldelsar som går meir i djupna. Likevel er det ikkje slik at det er lågare kvalitet på korte anmeldelsar enn på lange, det kan gjerne vere omvendt. For ein tek framleis kvar utgjeving på alvor, og då kan ein få sagt mykje på liten plass.  

Hovland seier han ikkje vil framstå som ein som berre skriv om det positive. Men det viktigaste for han, er at han er ærleg når han skriv teksta.  

– Eg har veldig respekt for det arbeidet som er lagt ned, når det har kome så langt som at det har blitt gitt ut på plate. Då blir det for dumt om du skal slakte det berre for å få klikk, eller fordi ein har skrive litt for mange positive saker i det siste. Så eg vel å ta dette veldig på alvor. Det er det som er å vere profesjonell, slik eg ser det.

I dei siste utgåvene av Folkemusikk har Torkjell Hovland meldt det meste av dei nyutkomne platene på folkemusikkfeltet. (Faksimile frå Folkemusikk nr. 4/2023)

Ønsker meir stoff som går inn i materien 

Men kva tenkjer Hovland må til for å at fleire folkemusikkplater får spalteplass hos dei store mediehusa?  

– Eg trur det ikkje berre er ei folkemusikkutfordring, men ei musikkjournalistisk, kanskje også kulturjournalistisk utfordring. Mediehusa har fått ei anna verkelegheit økonomisk, og dei er avhengige av å få folk til å lese. NRK har mandat til å tenkje utanfor den dynamikken der, og det er veldig bra at dei no har fått ein kritikar til å dekke folkemusikk, seier han.  

Han har trua på å skrive saker som triggar og går inn i materien, ikkje nødvendigvis berre aktualitetssaker og lanseringsjournalistikk.

– Å halde på med musikk er ekstremt spennande, og ein kan kople det til mange andre ting i verda. Musikk er overalt og alle høyrer på musikk. Så viss journalistane og mediehusa sitt fokus er på at ein knyter det inn på ein slik måte, trur eg det kan fenge, seier han.

«Eg har ein mistanke om at mange musikarar og journalistar klagar på at media skriv for lite om kultur, men så les dei kanskje lite av det stoffet som finst sjølv.»

Likevel er det ikkje til stikke under stol at avisene må ha lesarar for å få det til å gå rundt. 

– Men eg har ein mistanke om at mange musikarar og journalistar klagar på at media skriv for lite om kultur, men så les dei kanskje lite av det stoffet som finst sjølv. Så då trur eg kanskje utgangspunktet må vere å sjå på kva du sjølv blir engasjert av og på kva måte. 

Terningen er han glad han slepper å bruke i Folkemusikk. 

– Eg har aldri kasta terning, og det trur eg hadde vore vanskeleg for meg. Eg er på den sida som meiner at terningkast er øydeleggjande. Eg trur dei fleste då berre ser terningkastet, meg sjølv inkludert. Viss ein film har fått terningkast 4, gidd eg sannsynlegvis ikkje prioritere den, seier han og legg til at om han berre hadde lese teksten om filmen, utan terningkastet, kunne han kanskje funne noko som gjorde at han ville sjå den.  

– Terningkasta tek vekk mange nyansar frå teksten. Eg har ikkje høyrd nokre argument som eg synest er gode nok for å halde på terningen så langt.