Drøymer du om musikk spelt på fele, laptop og rummelpot? Då er det berre å stilla inn øyregangane og gjera deg klar for den danske duoen Vaev.

Vaev er samansett av David Mondrup og Poul Lendal. Sistnemnte er riksspelemann, medan David er ein nestor i det elektroniske miljøet i Danmark. David og Poul framstår som to glade gubbar som speler folktronisk hipstermusikk. På plata er i tillegg songaren Mia Guldhammer med som gjest på nokre spor. Mia og David speler frå før saman i bandet Mallebrok.

På mange av låtane på plata får me litt kjensla av Hedningarna. Det er noko med bassen som ligg der i bakgrunnen, strengjeinstrument og fløyte. Men det er ein mild, knirkete versjon av Hedningarna me høyrer. Vaev har eit variert og leikent lydbilete som me vert glade av å høyra på. Dei speler på mange instrument og syng av hjartans lyst. Me må nemna at me er glade for at me i Noreg brukar munnharpe som nemning, og ikkje jødeharpe slik ein brukar det i Danmark.

«Klaphopsa» er fyrste låt ut. Eit artig lite arrangement. Denne kan du dansa ein rask reinlender til, eller du kan imponera med ein parisarpolka. «Nøkkens vals» er i tradisjon etter Hans Fredrik Jacobsen og har fløyte og bass i sentrum.

«Jomfru, luk din dør opp, potten den vil inn» høyrest litt suspekt ut. Dette er starten på ein av låtane på plata der dei sjølve syng. På «Jomfru luk din dør op» får me eit innblikk i ein tradisjon og instrument som er ny for oss. Den handlar korkje om Pol pot, slikkepott eller narkopott, men om den dansk/tyske tradisjonen med å gå rummelpot. Det viser seg at dette er ein tradisjon som er i slekt med vår versjon av jolebukk. Det handlar om å dra inn mengder med godteri ved hjelp av song og i dette tilfellet med å gnikka på instrumentet rummelpot. Ein rummelpot ser ut som ei tromme, med ein pinne gjennom skinnet som ein gnikkar på. Poenget med å gå rummelpot var før i tida å jaga vonde ander vekk ved hjelp av mykje bråk.

Vaev: Vaev
  • GO Danish Folk Music, 2020
  • 12 spor, 46 min.
  • Produsert av Vaev
  • Musikarar: David Mondrup (laptop, harmonium, melodika, keyboard og song) og Poul Lendal (fele, skei, rummelpot, seljefløyte, munnharpe og song); gjestevokalist: Mia Guldhammer

«Radioskottis» er som namnet tilseier ein reinlender, ein funky versjon der dei slår til med litt radiolydar i bakgrunnen. Dei held på reinlenderrytmen gjennom heile låta, men vekslar på kva instrument dei speler på. «Jorn» er ein gangar som sluttar med ein trylleformel. Typisk tradisjon frå Danmark.

«På snei» er ein låt som ein kjenner att frå Hulbækmo og Jacobsen familieorkester, men Vaev har laga ein mørkare variant av denne. «Jorn» er ein favoritt på plata, saman med den glade «Svøpsker og «Springdans».

Så er folkemusikk på fele, laptop og rummelpot midt i blinken for deg, er det berre å stilla inn øyregangane og gjera deg klar for den danske duoen Vaev!

Seks tysdagar i sommar meldar Tvillingfolk, alias Halldis og Gudrun Folkedal, internasjonale folkemusikkplater på folkemusikk.no. Alle meldingane finn du i meldt-seksjonen