I dag blei dei nominerte til Spellemann 2021 presentert. I klassa for tradisjonsmusikk finn me to musikarar som solodebuterte i fjor, i tillegg til samspel mellom to og samspel mellom ein trio og eit heilt orkester.

Thov G. Wetterhus, Synnøve Brøndbo Plassen, Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola og Marja Mortensson & KORK er dei nominerte til Spellemann-prisen i tradisjonsmusikk i år. Klassa har nytt namn for året, då den fram til i fjor heitte «Folkemusikk og tradisjonsmusikk». I skildringa av klassa, står det at musikken i kategorien er tradisjonsmusikk basert på norsk og samisk folkemusikk, i tillegg til tradisjonsmusikk frå andre land. Det tradisjonelle kan også vere kombinert med moderne uttrykk.

Også i år blei dei nominerte presenterte på ein digital pressekonferanse, som blei leia av Mona B. Riise, Sandeep Singh og Tarjei Strøm. Dei kunne fortelje at det aldri tidlegare har blitt sendt inn så mange påmeldingar som i år i den 49 år lange historia til Spellemann. 22. april skal det vere Spellemann-sending på NRK, og i veka opp mot sendinga blir fleire av prisane delt ut.

Dei fire nominerte artistene i Spellemann-kategorien som i år heiter berre Tradisjonsmusikk, er Marja Mortensson & Daniel Herskedal, Synnøve Brøndbo Plassen, Thov G. Wetterhus og Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola.

Thov G. Wetterhus er nominert i tradisjonsmusikk for plata Stålslått, som er ei plate med solospel på munnharpe. Dette er den første soloplata hans.

Songar Synnøve Brøndbo Plassen blei også nominert for solodebuten sin. Plata hennar har tittelen Hjemve – Slåttetralling fra Folldal.

The Smoky Smirr o’ Rain er namnet på plata felespelar Sarah-Jane Summers og gitarist Juhani Silvola er nominert for. Plata består av tradisjonelle slåttar frå Skottland, i tillegg til nye komposisjonar signert begge utøvarane.

Marja Mortensson er nominert for plata Raajroe – The Reindeer Caravan som ho har gitt ut saman med Kringkastingsorkesteret. Mortensson står sjølv bak musikken til albumet, og der dei fleste melodiane er skrivne saman med medmusikar og tubaist Daniel Herskedal. Trommis Jakop Janssønn er også del av utgjevinga, i tillegg til KORK.

I kategorien for barnemusikk er Tone Hulbækmo nominert med plata Eg kan. Erlend Apenseth Trio er nominert i Åpen klasse for plata Lokk. Og så er Ragnhild Hemsing nominert i klassiskkategorien for plata Røta, medan Ingfrid Breie Nyhus er nominert til TONOs komponistpris for plata Slåttepiano II.