Første hovudinstrumentet til Lars-Ingar Meyer Fjeld var ei hardingfele laga av Olav Venås. No har telespelemannen med vestfoldsrøter lansert bok om «Bygdegeniet frå Gransherad».

Lars-Ingar Meyer Fjeld er kulturskolelærar og barneskolelærar i Midt-Telemark og Tinn kommunar. Opphavleg er han frå Sandefjord, og han blei frelst på hardingfelespel i 12-årsalderen. Nå er han også forfattar, ute med bok om hardingfelemakaren Olav K. Venås. Boka blei sleppt på Kongsbergmarken siste helga i februar.

– Det blei eit bra arrangement! Slår Meyer Fjeld fast. – Eit konsertføredrag på ein time og tre kvarter, der eg leia kvelden. Ramma var at eg fortalde om Venås’ liv frå byrjing til slutt, og underveis kom spelemenn fram og spelte på Venås-feler frå ulike tider, frå 1920 til 1951, medan eg fortalde litt om kvar fele. Til slutt hadde vi ei utstilling med Venås-feler – det var ikkje plass til alle felene på bordet vi hadde rigga til! fortel ein stolt nyslått forfattar.

Lars-Ingar Meyer Fjeld sleppte boka si om granshering og hardingfelemakar Olav K. Venås på Kongsbergmarken fredag 25. februar.
Deltakarar på boksleppet med forteljing og spel: med klokka Birgit Haukås (øvst t.v.), Mattias Thedens, Kenneth de Gala, Tone Buen, Tone Anne Tveiten, Olav Nisi, Per Anders Buen Garnås og Svein Olav Krontveit.

Ikkje utan bygdefolket

– Når bestemte du deg for å skrive denne boka?

– Det har komme gradvis. Det byrja då eg kjøpte første Venås-fela mi i 2010 – første hovudinstrumentet mitt, mykje betre enn tidlegare feler eg hadde spelt på. Året etter byrja eg på lærarskolen på Notodden, og byrja å spore opp Venås-feler i Notodden og Gransherad og bli kjent med variasjonen i felemakeri som Venås er så kjent for. Interessa blei stadig sterkare, og det balla på seg!

Lars-Ingar oppretta Word-dokumentet med «Bokprosjekt» i 2015. Han har hatt full jobb i fire år, men han veit ikkje om det hadde gått raskare å få ferdig boka viss ikkje.

– Den viktigaste inspirasjonen har vore merksemda om prosjektet frå andre som er interessert i felemakeriet og slåttespelet. Folk har spurt meg: «Korleis går det med boka?», eller eg har byrja å diskutere felerosar med ein kamerat, og så har eg fått eit dytt i retning bokprosjektet igjen. Men utan bygdefolket i Gransherad, alle besøka mine hos eldre bygdefolk som hugsa Venåsen og har feler av han, og har engasjert seg, så hadde det ikkje blitt bok! slår han fast.

Kreativitetens årrekke

Lars-Ingar Meyer Fjeld har fascinert seg for felemakeriet, men også personen Venås. «Bygdegeniet frå Gransherad», som han kallar den portretterte, var også både smed og urmakar, og han hjelpte folk i bygda med alt dei måtte trenge.

– Kva er spesielt med felene til Venås?

Andre felemakarar har gjerne gått inn i eit fast spor etter kvart, særleg når det gjeld dekor og det ytre. Ein kjenner igjen ei Venås-fele også, men likevel er det alltid spennande å sjå ei ny fele av Venås, sjå: «Kva har han funnet på her?» Det er alltid noko nytt, i dekoren, krona på snekka, nye roseelement. Han var mest kreativ fram mot krigen, hadde det eg kallar ei «kreativitetens årrekke» frå 1920 til 1935, då var han verkeleg på høgda.

Framleis topp fire

Boka om Venås er ute på Scordatura, forlaget til Kjell Midtgaard, ein annan som har interessert seg mykje for felemakarhandverket. Så Meyer Fjelds bok er del av ein «trilogi» om hardingfelemakarar på forlaget. Midtgaard sjølv har nemlig skrive og gitt ut to hardingfelebøker tidlegare, om Olaf Helland og Gunnar Røstad. Meyer Fjeld har prøvd å bygge opp boka etter Midtgaards lest, fortel han.

– Er Venås-fela di framleis ein favoritt?

– Han er framleis på topp fire! avsluttar Lars-Ingar Meyer Fjeld, som legg til at den enklaste måten å få tak i boka på, er å kontakte han direkte på telefon.