Mange har allereie meldt seg på Landskappleiken, men arrangørane trur at mange ventar til tolvte time 22. mai, når den endelege fristen er. To som har hatt orden på deltakinga si lenge, er søstrene Hanne og Synne Kjøk.

Talet på påmeldingar har bikka tusen med litt over ei veke igjen til siste frist, fortel tevlingsleiar Kjellbjørn Karsrud. Dei 1000 deltakarane er fordelte på rundt 300 startar, men Karsrud håpar og trur at det skal komme fleire til.

I fjor var talet på deltakarar 1200, medan talet på innslag var 471. Talet på deltakarar har dermed gått noko ned sidan nivået før korona, medan talet på innslag er temmeleg stabilt.

– Det er fleire faktorar som spelar inn, men ein skulle tru at Lom ligg bra til geografisk. Det er ofte god deltaking når Landskappleiken er i Gudbrandsdalen. Me er plassert midt mellom fleire sentrale distrikt, seier Karsrud.

«Dersom ein ikkje er nok folk i eige lag til å vere med på til dømes lagdans, kan ein høyre med nabolaget. Det er viktig for det sosiale.»

Kjellbjørn Karsrud, tevlingsleiar Landskappleiken

Men nedgangen etter korona kan også skuldast at aktiviteten i ein del lag har vore vanskeleg å få i gang att etter pandemien. Der har tevlingsleiaren ein klar beskjed til folk.

– Dersom ein ikkje er nok folk i eige lag til å vere med på til dømes lagdans, kan ein høyre med nabolaget, dersom ein stort sett driv med den same tradisjonen. Det er viktig for det sosiale, og det er mange som kanskje reiser på Landskappleiken fordi dei har eit lag dei kan stille med og har eit mål å opptre på kappleiken. At det er rimelegare å stille som deltakar enn å betale full gjennomgangsbillett, kan me også freiste med då, seier Karsrud.

Det er ofte god deltaking når Landskappleiken er i Gudbrandsdalen, som ligg plassert midt mellom fleire sentrale distrikt, seier tevlingsleiar for årets landskappleik i Lom, Kjellbjørn Karsrud. (Foto: Thor Hauknes, FolkOrg)

Mange ventar til siste liten

Nokre er veldig tidleg ute med å melde seg på og sit klare ved tastaturet når påmeldinga opnar, som i år var rundt påske. Men stort sett kjem det eit rush før dei to fristane; det første før det blir prisauke, og så ved den absolutt siste påmeldingsfristen som i år er 22. mai.

– Dei to siste døgna før prisen auka var det fleire hundre som meldte seg på, fortel Karsrud, som hugsar at han såg akkurat det same då han var tevlingsleiar for Landskappleiken på Fagernes.

– Før den første fristen, er det ein del spelemannslag og danselag som melder seg på. Det er nok praksis i mange lag at laga betaler startkontingent, og då er det ein del pengar å spare om ein melder seg på tidleg. Så er det heller folk som stiller i soloklassene, og spesielt i A-klassene, som dreg det ut i det lengste før dei melder seg på. Mange går nok og vurderer om dei er klare til å tevle i år og tenkjer at dei skal få øvd litt før dei ser om dei skal melde seg på, seier Karsrud.

Tevlingsleiaren legg vekt på at A-klassene ikkje må vere klasser der folk er redde for å delta. For publikum er det vel så interessant med mangfald av ulike tradisjonar enn om folk her heilt oppspelte, meiner han. Difor vil han oppmode særleg A-klassingar til å melde seg på.

– Sjølvsagt B-klassingar også, men påmeldinga så langt er betre i B-klassene. I år er det også kongepokal i Halling og i Eldre folkemusikkinstrument, så det hadde vore artig med god påmelding i begge dei disiplinane, seier han.

Deltek i åtte klasser

To av deltakarane som har meldt seg på i god tid før den første fristen, er Synne og Hanne Kjøk. Dei skal delta i heile åtte klasser under Landskappleiken på heimebane i Lom.

I klassene for fele C, vokal C, dans fele C, lagdans junior og senior, lagspel junior og senior, samt open klasse, kan du i år då sjå og høyre dei to systrene.

I fjor stilte dei i seks klasser, så årets deltaking er rekord for dei to. Open klasse har dei aldri delteke i tidlegare. Der skal dei stille med gruppa Feristun, som er folkemusikklassa dei går i på Vinstra vidaregåande skule.

– Me har lyst til å vere med og opptre mest mogleg på kappleiken, og sidan det er siste år som junior er det om å gjere å stille i mest mogleg, fortel Synne Kjøk.

«Det er litt spennande å sjå kor mange poeng ein får. Men det viktigaste er å ha det artig når ein spelar og dansar.»

Hanne og Synne Kjøk, påmelde til Landskappleiken 2023

Begge to skal vere frivillige under kappleiken, og i tillegg skal dei vere med på ein konsert om fredagskvelden.

Det blir med andre ord mykje å øve på fram mot kappleiken. Og berre eksamen blir overstått, skal dei få meir tid til spel, dans og song igjen.

– Me kom opp i matte begge to. Så me må øve litt til det også. Men det er ikkje så lenge til eksamen, så når den er overstått kan me sjå fram mot kappleiken, fortel Hanne Kjøk.

Begge jentene er vande med å bli vurderte på hovudinstrumentet på musikklinja og veit korleis det er å få karakter på spelet sitt. Tevlinga på landskappleiken er noko dei synest er moro.

Gjeld å finne ein god springleik

– Det er litt spennande å sjå kor mange poeng ein får. Men det er ikkje det som er viktigast – det viktigaste er å ha det artig når ein spelar og dansar, fortel dei, og legg til at poengsummar og plasseringar kan vere ein motivasjon til å øve hardare til neste kappleik.

Kva dei skal framføre, blir nokre gonger bestemt eit par dagar før, andre gonger lang tid i førevegen.

– Det gjeld å prøve å finne ein god springleik som er fin og god å danse til, så me får vist fram tradisjonen vår, fortel Synne.

I det daglege er systrene god støtte for kvarandre, og dei høyrer på kvarandre og gir kvarandre tilbakemeldingar.

– Det er for å få den andre til å bli betre, ikkje for å tråkke den ned, seier Synne og får støtte av Hanne som seier:

– Det gjeld å oppmuntre den andre til å ville opptre vidare.

Tevlingssjefen har sjølv ikkje meldt seg på ennå.

– Eg har tenkt og vurdert, men ikkje slått det heilt ifrå meg. I og med at eg er tevlingsleiar har eg kanskje ikkje tid til den psykiske oppladinga som trengst, men eg har delteke på alle Landskappleikar sidan 2004, så eg må vel vedlikehalde den linja, seier Kjellbjørn Karsrud.

Han legg til at det framleis er ledige plassar på både festivalcampen og i klasserom dersom folk ikkje har ordna seg overnatting. Det er også fleire private hus til leige gjennom ei Facebook-gruppe.

Hanne og Synne Kjøk skal delta i heile åtte klasser under Landskappleiken på heimebane i Lom. Først må dei få unna matteeksamen. (Foto: Nils Petter Lotherington)