Siste konsert på opningskvelden til Osafestivalen 2018 var eit forrykande krasjkurs i buskspel og folkemusikk. Meir av dette, takk!

Konsert: Vinjefolk på Osafestivalen
  • Gamlekinoen, Voss fredag 26. oktober 2018
  • I bandet: Anders Lillebo, Sarah-Jane Summers, Juhani Silvola, Hans Martin Austestad, Morten Kvam, Erlend Viken og Kåre Opheim
  • Gruppa blei sett saman til festivalen Vinjerock 2018, på Eidsbugarden i Jotunheimen

Til sitt siste år som festivalgeneral for vossafestivalen i Sigbjørn Bernhoft Osas ånd, har Tormod Kleiveland hyra inn Vinjefolk til å avslutte opningskvelden. Vinjefolk stod første gang på scena saman under Vinjerock på Eidsbugarden i juli i år, med edderkopp på Riksscenen Asgaut Bakken som kurator. Bestillinga frå festivalsjefen Julie Forchhammer var å lage folkefest med folkemusikk, skamlaus partymusikk for eit publikum utan forkunnskapar.

For høvet – besetninga har variert litt på dei totalt tre konsertane til gruppa – består Vinjefolk av sju unge, men veletablerte roots-musikarar som speler slåttar og folkelege melodiar i svært rocka drakt. Slåttane er i hovudsak norske og svenske, med ein enkelt avstikkar til Sarah-Jane Summers» fødeland Skottland. Repertoaret til Vinjefolk er prega av det globale og veksande fenomenet låtar: tradisjonelle eller nyskrivne slåttemelodiar som mange folkemusikarar kan spele, og som difor fungerer godt til uformelt samspel.

Som i buskspel er det spelegleda og presisjonen i samspelet som avgjer om det fungerer. Og dette fungerer – Vinjefolk er ein storslått konsertoppleving. Juhani Silvola tek ved fleire høve fram elgitaren, og han både kosar seg og gjer seg som rockegitarist. Vikartrommeslagar Kåre Opheim er eit funn – han held energinivået konstant høgt når det trengst, og legg polyrytmiske strukturar som aldri bryt med rytmikken i melodiane. At dei sju på scena har litt varierande fordjupingsnivå i nordeuropeisk folkemusikk, er ingen ulempe i denne samanhengen.

Soloinstrument er stort sett fele, spelt av Summers og Erlend Viken (som ved eit par høve òg tek fram hardingfela). Fusing Hans Martin Austestad er ein slags frontfigur på vokal, banjo og stilsikker slåtteprat og kåsering mellom låtane. Bluegrass-inspirasjonen frå Earlybird Stringband, som Austestad og Viken har bakgrunn frå, høyrest særleg godt på dei to populære visene «Etter ein rangel» (Jakob Sande) og «Ved Rondane» (Aasmund O. Vinje). Allsong blir det òg, på refrenget til drikkevisa «På Lista der brygger dei så sterkt eit øl» – eit publikumsfrieri som gjer seg godt.

Skamlaust er det, men det er melodiane, låtane, som ber Vinjefolk. Slik blir konserten også eit lynkurs i folkemusikk. Låtar som «Evig rus», «Myrstakken» (Eric Öst), «Grå gangar» (Irene Tillung) og ekstranummeret «Griffenfelt» er låtar ein får på hjernen. Og når kvar einskild av musikarane er så gode at det halve hadde vore nok, så tar det naturlegvis heilt av. Fleire publikummarar eg pratar med etter konserten, sit fjetra att. Vinjefolk er musikk vi ikkje visste vi trong, og denne gruppa bør kunne selje ut dei fleste kulturhus og rockeklubbar i landet. Det norske folk, og for den del resten av verda, treng dette.