I det nye dataspelet Total War: Warhammer III, er norske folkemusikkinstrument godt representerte. Bukkehorn, fløyter, hardingfele og mykje anna er med på å gje den eine avdelinga i spelet eit eige preg.

– Det er første gong eg er med på å spele inn spelmusikk, så det var morosamt å bli spurt om det, seier Anders Lillebo. Han har spelt inn både trøorgel og irsk fløyte for komponist Jamie Christopherson og alle hjelparane hans i Noreg.

Den som var lokal produsent i Noreg, var Espen Ramsli Fredriksen. Komponisten Jamie Christopherson hadde ansvaret for å lage musikk til ein av kulturane i spelet, kalla Kislev. Kislev er kaldt og snøfylt, med krigarar i rustningar og pelsluer som skyt med pil og boge. Dei rir på isbjørnar og rundt dei spring det ulvar. I denne verda hadde komponisten sett føre seg noko spesielt når det kom til lyd. Han ønska seg nemleg ein del nordiske instrument.

Espen Ramsli Fredriksen og Anders Lillebo er gamle studiekameratar, og Lillebo har ved fleire høve vore ein slags folkemusikkonsulent for Fredriksen når han treng noko frå den delen av musikklivet. Av norske musikarar som er å høyre i spelet, finn me Bendik Smedåsgjelten Qvam på bukkehorn og seljefløyte, Tarjei Nysted på nyckelharpe, Helena Maria Falk Botolfsen på hardingfele og Petter Stubberud Tysland på pedal steel. Sistnemnde var også teknikar på opptaka.

Anders Lillebo fortel at prosessen han har vore involvert i her, er ganske annleis enn slik han vanlegvis speler inn musikk.

– Dei prosjekta eg er del av er vanlegvis veldig oversiktlege, der alle kjenner alle og ein veit kven ein har å forhalde seg til. Her var det meir fjernt, og me hadde ikkje kontroll over kva det me gjorde blei brukt til. Men ein får beskjed om å levere eit produkt, og så gjer ein det. Det er ei morosam utfordring, og det er spennande å få eit glimt inn i den verda der. Det er mykje som er hemmeleg, og det er veldig eksotisk, seier han.

Anders Lillebo har vore musikar og folkemusikkonsulent på dataspelet Total War: Warhammer III. (Foto: Sigurd Ytre-Arne)
Petter Stubberud Tysland (t.v.) og Espen Ramsli Fredriksen er høvesvis musikar og produsent for musikken til Kislev-universet i spelet. (Foto: Kasia Kowalczyk)

Med frå starten

– Me kom inn tidleg i komponeringsprosessen, og det var mykje idemyldring undervegs. Komponisten hadde nokre idear i hovudet, som til dømes eit par melodiske motiv og rytmiske idear. Dette la grunnlaget for ein spennande dialog mellom komponist og musikarane. Når det kom ein ny musikar i studio, fekk dei først beskjed om å berre spele noko. Då Bendik var i studio og han byrja å spele, gav det idear til Jamie. Så kom han med tilbakemeldingar på kva han trengte – om det var kortare lyd, meir luft og så vidare, seier Fredriksen.

Korona gjorde det vanskeleg for komponisten Jamie Christopherson å kome over, og då Bendik Smedåsgjelten Qvam var i studio, var Christopherson med på link.

– Eg må innrømme at eg var litt spent på korleis det skulle gå. Eg kjente ikkje Jamie frå før, og eg såg mange potensielle utfordringar med digitale møte, ni timar tidsforskjell og så vidare. Men så kom Bendik inn som første musikar og spelte fire toner, og då eg såg ansiktsuttrykket til Jamie etter det, tenkte eg at dette kom til å gå bra, seier Fredriksen.

Han fortel at medan det i filmverda tek ganske lang tid før musikken blir spelt inn, skjer dette tidlegare i spelverda. Musikken er ein del av programmeringa av spelet, og dei ulike delane skal gli saumlaust over i kvarandre utifrå korleis kvart unike spel utviklar seg. I Warhammer 3 er det fleire komponistar, så Jamie Christopherson er berre ein av dei. Dette gav også nokre føringar til toneartar og taktartar før innspelinga starta, og Fredriksen la klar droner og trommeloops i rett tempo som musikarane kunne improvisere rundt.

Bendik Smedåsgjelten Qvam, Helena Falk Botolfsen og Petter Stubberud er mellom musikarane som har vore med på lydsporet til spelet Total War: Warhammer III. (Foto: Ola Vatn (Qvam), Kasia Kowalczyk (Botolfsen, Stubberud))

Mykje er hemmeleg

Musikarane og produsentane frå Noreg har ikkje fått høyre noko av det endelege resultatet. Det er mykje som er hemmeleg, og den ferdige musikken til spelet var det ingen av dei som visste noko om før spelet blei sleppt.

– Då eg blei spurt om å vere med, visste eg ikkje kva spel det var snakk om, det er noko eg har fått vite nå i det siste. Amerikanarane er gode på juss og slikt, så nå har me fått klarsignal på at me kan gjere intervju om dette også, seier Bendik Smedåsgjelten Qvam. Også for han var dette første gong han erfarte korleis det var å spele inn musikk til denne typen bruk.

– I studio eksperimenterte me med både rytmiske og melodiske ting. Komponisten var ute etter eit nordisk sound, så det var eigentleg bare å prøve å få det til å låte litt gammalt. Eg spelte inn ein del signal-aktige ting, og testa ut både bukkehorn og seljefløyte, fortel Qvam.

– Oftast er det noko meir spesielt ein skal spele, og då må ein øve inn melodiane på førehand. Men det var morosamt å jobbe på denne måten her også, der ein improviserte fram til og prøvde å gjere så mykje utav dei moglegheitene ein har på eit relativt begrensa instrument. Det var ein god kreativ prosess som eg lærte litt av sjølv også. Plutseleg dukka det opp ting her eg kan bruke til seinare, seier han.

Spelet kom ut 17. februar, og er det siste i trilogien Total War: Warhammer-serien.