Tekst: Redaksjonen/pressemelding.

Svidal har si musikalske rot i hardingfeletradisjonen på Vestlandet, men har lenge hatt eit ønskje om å utvide både fortolkingsrom og spelerom, og ta i bruk improvisasjon i større grad. På Tryllespel set ho hardingfela inn i nye klanglege kontekstar.

– Eg har søkt etter å sameine tradisjonen, instrumentet, eigen estetikk og musikalitet, seier Svidal i pressemeldinga. – Eg har leita etter materiale, haldningar og metodar som kan gje den improviserte musikken ein folkemusikalsk individualitet og samstundes ein personleg identitet der nye lyttemåtar og opplevingar av instrumentet kan få plass.

Førespel som inspirasjonskjelde

Ein sentral nøkkel i arbeidet har vore dei improviserte førespela – den spontane og ofte usynlege spelestilen som tradisjonelt blir brukt for å stemme fela og leite etter resonans.

– Det meste av musikken på albumet er forankra i tankesettet vi finn i dei improviserte førespela. Når felespelaren stemmer fela, søkjer hen etter resonans og overtonar gjennom korte improviserte førespel. Det er ein nesten skjult improvisasjonspraksis som gjev fleire inngangar til korleis improvisasjon kan utfalde seg på instrumentet også i andre samanhengar.

Ei reise mellom to estetikkar

Albumet er delt i to plater, med ulikt fokus og musikalsk uttrykk:

– På den første plata har eg sett saman eit utval tradisjonelle førespel med eigne improviserte førespel som har i seg leitinga i instrumentet, leiken med overtonane, det opne og ufullenda som eg opplever kjenneteiknar dei tradisjonelle førespela, men som på same tid er fullenda og står stødig aleine, forklarar ho.

Den andre plata går djupare inn i eit meir samtidsmusikalsk landskap, der Svidal let lydane frå hardingfela få utvikle seg langsamt og organiske.

– På den andre plata er det mi eiga nyfikenheit til kva lydar som ligg gøymt i hardingfela og korleis eg kan dvele og forme desse lydane, sakte endre, forme og utvikle dei.

Ho legg til: – For mange som kjenner det tradisjonelle slåttespelet godt, er nok dette eit stort steg inn i ein ny estetikk og ein annan måte å lytte på.

Tittelen frå heimelege trakter

Namnet Tryllespel har røter i Svidal sin eigen heimstad Jølster i Sunnfjord. Ordet er eit eldre namn på føre­spel, og viser til korleis denne musikkforma kunne "fortrolle" lyttaren.

– Eg er fasinert over korleis musikk kan vekke kjensler, eller fysisk røre ved oss. Som når ein dissonans slår mot øyret vårt og vi kjenner slaget, eller når noko vekker rastlausheit eller ubehag. Det utfordrar oss som lyttarar, og det utvidar horisonten vår.