Tekst: Sunniva Langås-Røiland

Landskappleiken er avhengig av ein stor dugnadsgjeng for å få arrangementet til å gå rundt. Mellom 400 og 420 menneske jobba i helga med alt frå matlaging til parkering og vindsikring.

Nøgde på kjøkenet

Svein Laingen Kjerland var ansvarleg for mat og drikke på årets kappleik, og han, Monika Tveit og Venke Trå var i årets matnemnd. Folkemusikk møtte dei og Marit Tveito Askeland, som også jobba med mat og drikke, på den travle kappleikslaurdagen.

– Det var like travelt før me var igong, fortel Tveit.

Det er mykje logistikk å få oversikt over og planar som skal leggjast i forkant når fleire hundre friviljuge skal bli sett i arbeid.

– Det er folk frå heile landet, men med overvekt av folk frå Hardanger og Voss, seier Kjerland.

Matavdelinga har mange område å dekke. Kjøken og matservering i matteltet, bar- og kioskutsal på samfunnshuset, grill med bar på skulen og friviljugkantina. 

God stemning i matteltet i Eidfjord. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

– Det har godt bra på grunn av gode og fleksible medarbeidare, skryt matansvarleg Kjerland.

Gjengen fortel at folk tar ansvar.

– Folk får konkrete oppgåver og veit kva dei skal gjere, seier Trå som har ansvar for friviljugkantina.

Dei er veldig nøgd med dugnadsarbeidarane.

Alle fire har vore friviljuge i mange år, og dei var involverte då Landsfestivalen var i Hardanger i 2019.

– Ein har ikkje samvittigheit til å si nei heller, for ein veit kva arrangørane står i, seier Askeland.

Sjølv om det er mykje jobb, snakkar dei varmt om arbeidet. 

– Eg vil anbefale alle å bli med som friviljug, fortel Tveit.

Dei andre stiller seg bak det, og vektlegg at det er veldig sosialt.

– Det er ein grunn til at ein kjem tilbake, legg Trå til før dei alle fire må tilbake til arbeidet.

Folk har vore på tilbodssida

Ine Christina Natland hadde hovudansvar for dei friviljuge på kappleiken i år. Ho fortel at dei er avhengige av friviljuge på mange ansvarsområder: mat og drikke, sitje på stemnekontoret, få folk mellom øvingsrom og scena, jobbe på campingane, vere parkeringsvakter, reinhald, vere dørvakt, og rigging før og rydding etter kappleiken.

– Me er utruleg nøgd med dei friviljuge som har ivareteke alle på kappleiken, fortel Natland.

Fleire har stått på og gjort meir enn dei hadde sagt ja til på førehand. Den eine natta var det mykje vind. Då var det fleire som dukka opp i sjutida for å hjelpe, sjølv om dei ikkje var sett på vakt.

– Me sett utruleg pris på den gode jobben dei gjorde, og dei har fått mykje skryt, seier Natland.

Arrangørane måtte leggje inn ein innsats for å rekruttere dugnadsfolk, men mange meldte seg då dei skjønte at kappleiken trong fleire.

– Folk har vore på tilbodssida, og mange har teke på seg fleire vakter undervegs.

Friviljugansvarleg trur dei friviljuge har hatt det bra.

– Eg har allereie fått tilbakemeldingar frå folk som vil melde seg igjen når Landskappleiken kjem tilbake til Hardanger.

Natland seier at det virker som arrangment har gått som dei ville på tilbakemeldingar frå andre.

– Det har ikkje vore anna enn bagatellar, så eg synest det har godt utruleg godt. Spelemannslaget vil takke dei blide og imøtekommande friviljuge som har stått på, avsluttar ho.