Tekst: Kjellbjørn Karsrud
– Kva går Strunkehelga ut på?
– Det er ein komprimert versjon av Strunkeveko som er i januar i kvart år. Det er ei bra tid å ha arrangement. Det er ikkje så mykje anna som skjer, også blir arrangementa litt spreidde utover. Storhelga i Hallingdal er på hausten og Strunkeveko er på sumaren.
– Kva er det kurs i?
– Det blir kurs i pardans, halling, hardingfele, fele, toradar, song og langeleik.
Finn meir info på nettsida til Strunkeveko.
– Kven er instruktørar i år?
– Instruktørar i år er Inge Gjevre, Frank Henrik Rolland, Stian Johan Roland, Vilde Westeng, Anne Marit Jota, Margrete Nordmoen, Andrea Søgnen. Vebjørn Jøtun Fauske (toradar) og Alexander Røynstrand (hardingfele) måtte hankast inn etter at påmeldinga vart så godt.
Vebjørn var med som hallinginstruktør på Strunkeveko i sumar, medan Alexander skulle uansett køyre sonen sin frå Granvin, så då tenkte me at han kunne vera att i helga som lærar. I tillegg var det så bra påmelding på langeleik i år at me fekk inn Ingrid Fossum også. Kanskje den gode påmeldinga er eit resultat av blesten rundt 500 års-jubileet i fjor?
– De har også med unge førebilete i styringsgruppa?
– Me har med Syver Rolandsgard Hauge, Målfrid Persvold Ranheim og Ingrid Voldhaug Roland som unge lokale krefter. Dei skal også vera med i styringsgruppa for Strunkeveko til sumaren. Magnhild Moen Helland frå Lom slang seg i tillegg med i siste liten, og skal vera med no i helga. Det er bra at dei lærar seg og får erfaring med å organisere slike arrangement. No i helga blir dei litt med i styringsgruppa og tek i eit tak der det trengs, i tillegg til å vera hjelpeinstruktørar. Kanskje blir det med fleire i styringsgruppa til sumaren.

– Kor mange påmelde er det?
– 65 påmelde er det i år, så det er deltakarrekord! Elevane kjem frå Hardanger og Voss, Lillehammer, Hallingdal og Valdres, og ein del frå Oslo.
Les meir om instruktørane og mykje anna på Facebook-sida til Strunkeveko.
– Kva ser du mest fram til?
– Eg ser fram til å møte alle ungdommane. Det er fint å sjå kor stas det er for dei det er å koma til Merket, møte andre og sjå at dei finn nye vener.
– Blir det tid til andre aktivitetar enn speling og dansing?
– I år blir det aking på laurdagen. Det blir også andre aktivitetar og avbrekk frå øvinga, sjølv om det er enklare med logistikken på sumaren. Det blir også sosialt samvær og dans på kveldstid. Eg reknar med at det blir mange trøytte folk på sundagen…

– Kva synest du er det viktigaste med Strunkehelga?
– Eg trur det er veldig viktig for å skape miljø. Ved å vera med på desse kursa blir du kjent med folk frå alle delar av landet som du kan møte på kappleik og andre arrangement i folkemusikkmiljøet. Det er veldig viktig for at dei blir verande i miljøet og drive med folkemusikk og folkedans frå dei er unge til dei blir vaksne.
Me har i tillegg veldig dyktige lærarar, og det er fint for dei unge å bli kjent med dei. Og det er ikkje minst kjekt for lærarane å bli kjent med dei unge.
– Får de bra med økonomisk støtte til å arrangere slike arrangement for barn og unge?
Me får ikkje full pott alle stader. Så det er litt stress å ha ansvaret for at det kjem inn nok pengar til å få arrangert på ein god måte. Strunkeveko er så viktig at det burde ha fått ei fast støtte. Dette for at me skal kunne ha eit føreseieleg tilbod for elevane og ikkje minst gjeva god løn til lærarar. Slik det er no er me avhengige av å få støtte frå Sparebankstiftinga og andre stiftingar, og det er me takknemlege for, men det er ikkje støtt me får full pott, og då må me nedskalere.
– Kva for planar har de for Strunkeveko til sumaren?
Strunkeveko 2025 blir også heilt topp! Det blir på Merket som tidlegare, med nokre av landets beste folkemusikarar som instruktørar.