Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud.
Folkemusikk fekk ein prat med Hålien rett etter oppvisinga som i tillegg til hennar eigen koreografi inneheldt innslag i ulike sjangrar av elevar frå ulike utdanningsinstitusjonar i hovudstaden, samt dansegjengen knytt til Norsk Folkemuseum.
– Korleis kjentest dette?
– Eg veit ikkje kor eg skal begynne! Det var så stort, mektig og rørande. Eg fekk frysningar langt nedover ryggsøyla då eg såg 350 dansarar i same takt og dansekunst på så høgt nivå.
Hålien har vorte utvald av ein jury til å bli ambassadør for Dansens dagar, og ho legg ikkje skjul på at det kom som ei overrasking då ho vart spurd. Ho meiner det har mykje å seie for statusen til folkedansen.
– Eg har maksa opplegget her. Eg har fått heile folkemusikkmiljøet til å bidra, slik at me fekk laga den låtten, slik at me fekk bringa hallingdansen i denne forma her ut til landets danseglade folk.

Hålien peikar på at det er mange som har fått høve til å danse hallingdans som aldri har fått det før, og eit han har fått tilgjengeleggjort dansen for mange som aldri ville fått høve til å prøve han elles.
– Det er eit sjukt viktig arbeid som har skjedd her. Så mange som dansar andre typar dansar kastar seg med her og får ei god oppleving.
Tusenvis av ungdommar rundt i landet har no fått prøve Hålien sin koreografi ved hjelp av ein instruksjonsvideo. Ho har også vore rundt og halde kurs på skular, høgskular, folkehøgskular og danselinjer.
– Korleis har koreografien og musikken laga av Erlend Viken vorte motteke?
– Veldig fint! Det er det som gjer meg så glad at det er så mange som kastar seg inn i dette med heile sjela si og får ei fantastisk oppleving av dansen. Det er det eg har lyst å dele, denne suggererande følelsen av å vera i hallingen. Og dette fantastiske fellesskapet som finst i musikken og dansen.
– Operaen er litt unna det heimlege miljøet til folkedansen?
– Ikkje nødvendigvis! Eg tenkjer det passar heilt suverent å få operataket å gynge i hallingtakt. Det burde skje endå oftare at det er 350 dansarar her som dansar halling.