Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud
Fire av landets fremste spelemenn på hardingfele er med i spelemannslaget, som starta med låtten Maris minne denne kvelden med godt og vel 100 publikummarar i storsalen på Riksscenen. Etter kvart kom dei tur etter tur, Torgeir Straand, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa leverte kjente slagerar med forankring i bøheringsspelet, som Vårlengt, springaren Bøheringen, springar etter Gregar Kåsin, Lomeldin og Siklebekken.
Gjennom kyndig programleiing frå Torgeir Straand, fekk me små drypp frå laget si historie. Mellom anna om den gongen då ein delegasjon frå spelemannslaget skulle til Oslo tidleg på 1930-talet og spela direkte i radioen, og bilen punkterte 27 gonger på turen. Eller om då Gregar Kåsin køyrde Kaiser Wilhelm over Haukelifjell og fraus av seg eine øyra.
Gjennom dei 90 åra har rekrutteringa gått i bylgjedalar, og særleg såg det mørkt ut ein periode på 1950-talet då spelemannslaget ikkje berre hadde møtt konkurranse frå trekkspelet, men også av sjølvaste Elvis. Det var ikkje til å unngå at felespelarane måtte organisere seg i eit spelemannslag for 90 år sidan for å ta opp konkurransen volummessig med den tidas høglydte motemusikk.
Gjennom interessante bilete, der mange er å sjå i Asbjørn Storesunds eminente lagssoge frå 75-årsjubileet i 2009, fekk publikum møte dei gamle heltane frå Gunnulv Borgen, Kristiane og Einar Lund, Jens og Alfred Amundsen, Anund Roheim, Sveinung Dalen og Gunnar Innleggen. Dei fleste av desse er godt dokumenterte gjennom opptak, som lagsmedlemmane er flittige til å hente inspirasjon frå.
Laget hadde også med seg to særs lovande unge felespelarar, Sunniva Langås-Røiland og Audun Rørmark, som båe satsar på musikken gjennom utdanningane sine. Langås-Røiland fortalde at ho i ung alder hadde merka seg låtten Gullfaks, og at ho hadde sagt ved seg sjølv at ho håpa ho ein dag ville kunne nett denne. «Ja, no kan eg han», kommenterte ho sjølvsikkert, og drog på med ei imponerande utgåve sterkt inspirert av læremeistaren Lars-Ingar Meyer Fjeld.
Denne, som har gjort det til ein hovudgeskjeft å legge seg etter ulike spelstilar i Telemark, og kan veksle mellom desse alt etter kva for låtteformer han spelar, hadde i vår fått høve til å fordjupe seg i spelet til Jens Amundsen. Sonen til Amundsen dukka då opp med 200 timar digitaliserte spolebandsopptak etter faren, som han lurte på om Meyer Fjeld kunne ha interesse av å digitalisere og katalogisere. Jo, det kunne han tenkje seg, og han sette i gang med friskt mot. Diverre rauk mac-en hans halvvegs i prosessen, «og då var det berre å begynne på nytt, men det gjorde jo ikkje noko!»
Audun Rørmark hadde ansvaret for kveldens mest eksperimentelle innslag med komposisjonane sine «Prokrastinering 2» og ein jubileumslått der han ville prøve å fange opp stemmesurret slik det fortonar seg på starten av ei øving i lokalet «Polen» i Bø, ein type programmusikk som tydeleg fenga publikum si oppmerksemd.
Per Anders Buen Garnås viste til dei legendariske opptaka med brørne Halvor Borgen Uvdal og Gunnulv Borgen, gjorde i 1911, som er nokon av dei eldste opptaka med hardingfele for kommersielt sal her til lands. Dette skulle innleie ein gullalder for solo hardingfele på 1910-talet der mange av landets beste felespelarar fekk spelt inn låttar på grammofon.
Ottar Kåsa fortalde om Haldor Meland, som kom syklande frå Hardanger, eins ærend for å lære Siklebekken av Torkjell Haugerud, men måtte snu då Haugerud ikkje var villig til å lære frå seg eit av glansnummera etter Myllarguten. Heldigvis for Meland hadde han fått lære ei form av Halvor Flatland, der riktig nok ikkje alt Haugerud kunne var med. Då Haugerud fekk nyss i dette, forbarma han seg over den unge hardingen, slik at han også fekk lære resten av låtten slik Haugerud spelte han.
Torgeir Straand peika på det faktumet at det er få «still-going-strong-band» som har halde på nokolunde det same repertoaret i 90 år. Spelemannslaget avslutta med Fosslanden, som har stått på programmet sidan Jens Amundsen lærte låtten av slåttetullaren Hellek Fossland, under kyndig leiing frå Lars-Ingar Meyer Fjeld. All ære til Riksscenen og Asgaut Bakken som også tek med veteranar i samspelkonstellasjonsbransjen som Spelemannslaget Bøheringen med i programmeringa.