Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nytt

Statsbudsjettet 2024: Glede over folkedansstudium, men ...

Verken Landskappleiken, Landsfestivalen eller satsing på immateriell kulturarv i Setesdal er prioritert, påpeikar dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Opsahl Brimi, i ein kommentar til budsjettforslaget.

Vil starte hardingfeletilbod i Trøndelag - treng feler

I Spelemannslaget Laust & fast, med lærar Sturla Eide i spissen, er det mange ivrige felespelarar som har fått augo opp for hardingfele. No er dei på jakt etter instrument.

Bolstadprisen til Hannah Moira Midtbø-Bruner

Prisvinnaren er aktiv både i BUL Ervingen i Bergen og i Osterøy Spel og Dansarlag, som gjekk heilt til topps i lagspel på Landskappleiken i sommar.

Festival mellom fagre fjell

Knut Buen har spelt på dei store scenene og vore med på mange fjernsynsprogram i beste sendetid. Men han er ikkje for stor til å reise langt for å halde kurs og spele konsert i små grendehus i distrik...

Lokalkappleik på Løkka

Siste helga i september blei Oslokappleiken arrangert, for første gong sidan 2015 utanom Folkelarm. Det gjekk bra, det.

Prisdryss i Trondheim

Under representantskapsmøtet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) før helga, blei det delt ut fleire prisar. Grunna Sffs 50-årsmarkering valde styret å dele ut to fagpublikasjonsprisar ...

Europa fylt med folkemusikk

Nest siste laurdagen i september blir European Folk Day arrangert for første gong. Du kan vere med og markere dagen.

Bachelorstudium i folkedans på Rauland

Frå hausten 2024 skal Universitetet i Søraust-Noreg (USN) campus Rauland tilby eit bachelorstudium i folkedans for inntil ti studentar. Det er takka vere eit samla folkedansfelt at det endeleg er på p...

NRK har fått sin første folkemusikkanmeldar

Are August Flannagan Furubotn blei i vår den første anmeldaren i NRK som skal jobbe utelukkande med folkemusikk. Om lag ein gong i månaden vil han dukke opp på fleire plattformar i statskanalen.

Inviterer til jubileumsseminar

Laurdag 16. september arrangerer Norsk senter for folkemusikk og folkedans eit jubileumsseminar for å feire 50 år som arkiv.

Hemmelegheitskremmarar med internettfenomen

Instagram-kontoen «People dancing to folkemusikk» når ut til tusenvis av brukarar med sine små snuttar. Målet er at folk skal bli hekta på folkemusikk.

Columbi Egg på flyttefot

Folkemusikklubben Columbi Egg går inn i sin 50. sesong i haust og flyttar samstundes frå Augustin hotel til Litteraturhuset i Bergen.