Tekst: Johanne Flottorp
- Fokuset er på å få løfta fram alt gullet som allereie finst. Det er ein rikhaldig og variert aktivitet rundt om, og me er midt i ei folkedansbølgje, seier Rannveig Øygardslia som er dagleg leiar ved Sprang scene og ein av arrangørane bak vinterens store dansefestival på Riksscenen. Dans dans dans blir arrangert for tredje gong, andre gong i eit festivalformat. Det første året var det i hovudsak ein dag for utøvarane, med pitsjestafett og visningar, men no har det blitt utvida til å ramme heile grasrota også.
Det blir fleire lynkurs i diverse dansestilar, danseframsyningar, og ikkje minst dansekveldar.
- Me ønsker at festivalen skal treffe heile folkedansfeltet, frå dei som dansar tradisjonelt til dei som likar å slå seg meir laus og eksperimentere på dansegolvet. I tillegg vil me vere ein arena for dei som har dansen som levebrød, både lærarar og utøvarar, seier Øygardslia.
Visning med respons frå publikum
Det var Andreas Ljones, produsent ved Riksscenen, som for nokre år sidan tok initiativet til ein utøvardag for å skape ein møteplass for dei som har folkedansen som jobb.
- Både Andreas og eg er interesserte i folkedansfeltet spesielt på det sceniske området. Me ønska å plukke opp ulike produksjonar og gje dei ein visningsarena, seier Øygardslia og utdjuper:
- Me ville gje dei noko å jobbe mot, ein arena der ein kunne vise ting som ikkje er ferdig og der dei kunne få respons frå fagfeller og publikum. I tillegg jobbar utøvarane mykje gratis når dei er i prosess, så me ønskte å gje dei eit honorert oppdrag, der dei fekk prøvetid og ein scenisk rigg med moglegheit til å teste ut det dei ville.
Ein sentral del av dansefestivalen er framleis det det heile starta med, nemleg visningar og pitsjestafett. Dei tre visningane som er plukka ut, representerer stor breidde i folkedansfeltet.
- Ønsket er å vise mangfald i uttrykk og å få fram utøvarar som er «up and coming», seier Øygardslia.
På visningsprogrammet finn me BLS Ung, Estis Mira og Snøsong av Brigitte Blomlie og Thomas Eriksson.

- BLS ung sitt store danseprosjekt er eit flott rekrutteringstiltak. Eriksson og Blomlie er erfarne utøvarar, men også ganske nye i scenisk folkedanssamanheng i Noreg. Og så har me Estis Mira med Ester Thunander og Mira Leonard som viser eit ganske anna uttrykk med kombinasjonen nysirkus og folkemusikk, seier Øygardslia. Ho understreker at dei alle har noko å fortelje og at dei fortener å få fleire moglegheiter.
Etter at visningane er ferdige, er det pitsjestafett. Her kan ein komme og fortelje om eller vise idear ein har, og dette er ope for alle. Ein kan melde seg på heilt fram til visningsdagen, som er fredag.
Kultur og identitet som møteplass
På festivalen blir det også dans kvar kveld. Mange av tilboda er gratis, og på laurdagen skal det vere ein stor dansefest for barn og unge. Der bytter dei unge på å spele til dans for kvarandre. Laurdagen blir avslutta med at Kvarts spelar opp til dans som kveldens hovudorkester, medan mange yngre krefter spelar toradar, hardingfele og fele i dei mindre salane.
Øygardslia har stor tru på framtida og at folkedansen er i trygge hender hos dei unge.
- Det er ei bølgje nå. Denne trenden med klubb er det fleire som har hengt seg på, og det trur eg opnar opp for mange. Og slik som verdsbildet er nå, trur eg mange søkjer seg til røtene sine. Ein forstår kanskje også at ein gjennom kultur og identitet byggjer møteplassar på tvers av bakgrunn, seier ho.
På Dans dans dans skal også koreografien og låta til Dansens dagar sleppast. I år er det Silje Onstad Hålien som er Dansens dagar-ambassadør, og denne markeringa er noko som folkemusikkmiljøet ikkje har hatt så stort eigarskap til før.

- Det å vere Dansens dagar-ambassadør er stort. Gjennom det når ein ut til veldig mange unge og ein får vist seg sjølv og sjangeren ein representerer, seier Øygardslia.
Festivalen blir avslutta søndag med at nettopp Hålien skal lære bort dans og Mette Vårdal skal få hjelp av dei minste til å lage animasjonsfilm på Lilleriksen. Men før det er det altså mogleg å få mange timar dans i beina frå tidleg til seint gjennom heile veka.