Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Sjå tidlegare vinnarar og nominerte i klassa for tradisjonsmusikk her.
Blant dei nominerte finn me plata Solhov med Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas. Med seg som medmusikant har dei organist Lars Inge Tverberg (tråorgel) og den svenske folkemusikaren Johan Hedin (nøkkelharpe). Låtane på denne plata har vinter, jul, kveldstid og mørketid som tema, og inkluderer både salmer, religiøse folketoner og andre folkesongar. Tittelen for plata, Solhov, er eit anna ord for vintersolkverv, og speglar godt tematikken på plata.

Me finn også Britt Elise Skram og plata hennar Dåm på lista over dei nominerte. Arne M. Sølvberg var full av lovord om denne i ei platemelding her på folkemusikk.no i fjor:
Med den tindrande klåre og reine tonen i fela har ho formidla dei rike tradisjonane i solo felespel i Romsdalen og omegn, og ho har tydelegvis (og heldigvis) den rette patriotismen. Når ho no er på marknaden med ei rykande fersk soloplate med namnet DÅM, får vi høyre ein utøvar som har utvikla seg positivt over lang tid og no slår ut i full blomst med ein variasjon i uttrykket frå det varaste og vakraste til det retteleg friske og saftige dansespelet.

På lista er også medarbeidar i Folkemusikk, Johanne Flottorp saman med Åsmund Solberg. Dei to gav ut ei plate i fjor haust med tittelen Fiskaren, og tidlegare redaktør i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl var begeistra for det han fekk høyre då han meldte plata i Folkemusikk 4/2024. Han konkluderte der med at:
Flottorp og Solberg har med denne plata sytt for at dette til dels mindre kjente repertoaret, har fått eit eige lyft og eit anna liv, parallelt med at solospelet er livskraftig, noko dagens yngre folkemusikarar viser til gangs.

Den fjerde nominerte er ein av nestorane innanfor samisk tradisjonsmusikk, Mari Boine. Ho har med seg eit lite stjernelag med artistar: Kerttu Vuolab, Svein Schultz, Stein Austrud, Georg Buljo, Rauni Magga Lukkari, Aggie Frost, Nils Aslak Valkeapää, ISÁK, Rawdna Carina Eira og Elle Marie Hætta Isaksen. Meldar i Nettavisen Tor Hammerø skriv:
Mari Boine – bare navnet vekker ærefrykt. Etter å ha fulgt hennes livsløp og karriere gjennom flere tiår tør jeg hevde at hun aldri har vært bedre enn akkurat nå.

Red.mrk. Johanne Flottorp er som nemnt redaksjonsmedarbeidar i Folkemusikk, men ho ikkje med og dekker Spellemannsprisen for magasinet.