Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Innpuls er ein musikkfestival for alle sjangar, for heile Innlandet. Det er 30 konsertar, 100 musikarar og eit solid fagprogram. På Innpuls får ein høyre banebrytande musikk frå i dag, men også tradisjonsmusikk samfunnet har bore med seg i generasjoner. Publikum får møte utøvarar med røter planta i ulike regionar, tradisjonar og uttrykk.
Høyr utdrag frå Rasmus og Hans Kjorstad sin lydinstallasjon “Vandrar” på Facebook.
Synnøve Brøndbo Plassen og Bendik Smedåsgjelten Qvam blir å høyre fredag 17.15. Dei to har spelt saman sidan tenåra, og sjølv om dei har utforska ulike sjangre, er dei i dag først og fremst viktige tradisjonsbærere av folkemusikken frå Nord-Østerdalen. Musikken dei har funne blant gamle arkivopptak og nedteikningar, er arrangert for duo med variert instrumentsamansetning, både bukkehorn, gitarar, song, lyre og mandolin er med, og det blir formidla både salmetoner, slåttar, skillingsviser og bånsuller. Delar av materialet er frå Marit Holmen frå Tynset (f.1845) og består av melodiar som peikar heilt tilbake til gregorianikken og tidlegmusikk.
Fredag klokka 18.00 kan ein få høyre Vegar Vårdal og Alumni-prosjektet hans. Alumni er eit prosjekt der Vegar har invitert fire tidlegare studentar: Bjørn Kåre Odde, Ingrid Lingaas Fossum, Sigrid Stubsveen og Sivert Holmen. Dei kjenner Vegar godt, og han dei. I Alumni skal dei gje kvarandre utfordringar og seta kvarandre på prøve. Målet er å gå utanfor e iga komfortsone, finne grensene for eigen kreativitet og forsøke å strekke seg lenger enn ein har gjort før.
Laurdag 12.30 kan ein høyre Hulbækmo & Jacobsen familieorkester. Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen er som legendar å rekne, og sønene er også ettertrakta musikarar. Hans Hulbækmo spelar trommer med alt som kan krype og gå, samt munnharpel. Alf spelar på fleire strenger, og er i tillegg kantor i Røros kirke.
Haldor Røyne kjem også ein tur laurdag klokka 16.00. Han er vanlegvis å finne i eit studio eller på ein scene med artistar som Frida Ånnevik og Ingebjørg Bratland – men på Gjøvik stiller han med akustisk gitar, og sin heilt eigne vri på folkemusikkarven etter sin egen bestefar med same namn. Soloplata “Slåtter etter bestefar” kom ut i 2017, og er ein hyllest til Valdres, folkemusikken og til spelemannen som Haldor arva både namnet, fela og bunaden etter.
Laurdag 16.30 er det ei barneførestilling med “Frid i skogen den grøne”. Her er Helga og Margit Myhr primus motorar. “Frid i skogen den grøne” er eit nyskreve eventyr av Sigmund Løvåsen som handlar om å reise eller flykte bort frå seg sjølv i søking etter å høyre til. Frid er den utstøytte, umoglege jenta som innerst inne så gjerne berre vil ha ein venn.
Laurdag 23.15 rundar Madam Jam av det heile. Dei skal vera godt kjende etter den veldige entreen dei gjorde under Landsfestivalen i Førde. Instrumenteringa er basert på tradisjonen etter Nygaard og Opheim på 60- og 70-talet, med fele, trekkspel og komp som base. I tillegg har Madam Jam med el-gitar, piano, banjo, dobro, enkel slagverk, bratsj og torader, noko som gjer uttrykket ganske så variert og spennande. Hjernen bak det heile, multiinstrumentalist Steinar Odde, står for dei fleste av komposisjonane og arrangementa.