Tekst: Per Anders Buen Garnås

Trygve K. Vågen (1950-2024) vaks opp på Austli på Møsstrond i Telemark, i eit miljø der folkemusikken var ein del av livet. På farsida hadde han felespelarar føre seg i kvar generasjon tilbake til tippoldefaren Håvard Gibøen, som har prega slåttespelet langt utover Møsvatns breidder. På morsida hadde han felespelande onklar som også var gode representantar for dette spelet. Musikken planta seg godt innunder huda hans like naturleg som han sjølv grodde til. 

Niels og Anders Røine var inne på Møsstrond i 2017 for å ordne med plateinnspeling. Niels fortel at dei vart henta med snøscooter av Trygve inn til Austli. Der spelte Trygve inn fleire låttar til plata si “På Møsstrond” som vart gjeve ut på Ta:lik. 

På eit veglaust småbruk i ei fjellbygd nesten 1000 moh, ved den austlege enden av Hardangervidda, lærte han samtidig at ein ikkje kan leva av berre åndeleg føde. Men om ein jobba for det, kunne ein leva tilfreds av lite om ein ikkje sette for høge krav, og utnytta ressursane på staden. Kroppsarbeid på garden, jakt og fiske var det sjølvsagt at ein skulle vera med på frå ein var på beina. Skulle ein ut for å sanke kunnskap på skular, få kontakt med omverda eller få tak i noko ein ikkje hadde til rådvelde, måtte ein taka føtene eller båten fatt, avhengig av vêr- og føreforhold, som stundom stengde aldeles for ferdsel. 

Desse innstengde tidene hadde sine fordelar, sa Trygve. Det kunne hende han ikkje hadde filosofert over det same om han hadde budd annleis til. Underhaldninga måtte han også stå mykje for sjølv, noko som førde til at han las ting han kanskje elles ikkje ville ha lese. Også spela han.

Trygve var av søkjande, analytisk natur. Det låg ei sterk kraft av perfeksjonisme bak alt det den logne karen gjorde. Han hadde sansen for det reinhårige og solide, som han sjølv kalla det. Dette gjorde seg gjeldande i alt han utførte, om det var i felespel eller handarbeid som lafting og treskjering. Slik var han også i det han sa: Til tider tagal, og han forsnakka seg aldri. Men i spelet heldt han føredrag. Om han ikkje støtt hadde høve til spela, surra musikken jamt i bakhovudet. Også når han kvilte og sov. Felespelet var hovudkanalen for det ibuande uttrykksbehovet.

Trygve følte seg aldri bunden til berre spela slik dei næraste gjorde. Johannes K. Dahle, som var innom på Austli då Trygve var smågut, blei ein tidleg inspirator. Og då dei fekk seg bandspelar opna det seg ei ny verd for honom. Folkemusikkhalvtimar blei teke opp, og han saug til seg alt han fann interessant. Då han blei gamal nok til byrje fluge ut or reiret, oppsøkte han nyfikent felespelarar rundt om i heimfylket.

Minneordforfattaren komponerte denne gangaren etter eit besøk hjå Trygve og Hill i samband med Gibø-jubileet i 2009. 

Spelet til Trygve var fangande, detaljrikt og velforma. Fyrst og fremst ei fin samansmelting av ymse Gibøtradisjon, men han hadde vidt utsyn frå taket av Telemark og let seg inspirere frå mange andre kantar, utan å misse den lett kjennelege og gripande dåmen av Møsstrond som heile tida låg i botn. 

Jonsokhelga 1995 gifta Trygve seg med den gode kvedaren og dansaren Hillborg Romtveit frå Vinje. Dei var i tidlegare år ungdomskjærastar, men blei gifte og fekk ungar på kvar sine kantar: Trygve døtrene Åsne og Eldbjørg, og Hill sønene Tore og Tarjei. Hill lokka stadig fram det gode smilet hjå Trygve, og ein kunne legge merke til at den stillfarande og stundom litt skjerre tenkjaren tødde litt opp av henne.

På 90-talet byrja me å høyre meir til Trygve i det offentlege. M.a. blei det i 1990 sendt nokre svært gode opptak med honom frå Store Studio i Folkemusikktimen i NRK. Og i 1993 kom han ut med den høgt akta CD-en Gibøspel. Desse åra var han også litt meir med på kappleikar, utan at dette nokon gong blei hovudarenaen hans. I staden dreiv han aktivt med kulturformidling på andre arenaer, særleg saman med Hill. I 2002 spela han inn nye legendariske opptak i NRK. Nokre av desse kom i 2019 med på CD-en På Møsstrond, gjeve ut på ta:lik, saman med dei siste studioopptaka som blei gjort med honom, i 2017. 

Trygve Vågen spelar under minnekonsert for Håvard Gibøen i 2009. Foto: Knut Utler.

Hill og Trygve budde i Øyfjell nokre år, men ein møsstrending lengtar ofte heim. Fjellet og vidda er reinskande, sa Trygve. I 2004 tok han med seg Hill og sonen deira, Kjetil, og trekte tilbake til barndomsheimen. Her la dei ned eit svært allsidig arbeide saman. Dei heldt fram med det viktige formidlingsarbeidet sitt, med vedproduksjon, handverk og fiske som attåtnæring. Hill sauma stakkar og Trygve sjekka isen, køyrde skuterløyper, skjøtte og sette garden i stand. Dei sette opp skodespel, konsertar og heldt marknadar på garden. Og me var mange som var glade for at me fekk koma til denne perla på jord og vera med dette gjæve vertskapet i dagavis ved slike høve. 

Med åra gjorde dessverre sjukdom det vanskeleg å bu på Austli. Då merka dei også at vegen var lang, vrien og stundom ufarande til barneborn og dei andre i familien. I 2022 flutte dei difor til Rauland, og selde etter kvart garden. Men dette blei, trass alt, eit ljospunkt. Seinsumars i fjor besøkte eg dei i den koselege, nye heimen deira. Då la eg merke til kor tilfreds med livet Trygve virka til vera. Han var uvanleg røug og hadde mykje på hjarta. Hill kan fortelja at han mange gongar, etter han blei alvorleg sjuk, sa til henne at: «Me hev havt det so godt!»

Trygve og Hill var i 2015 med i den populære serien “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” på NRK. Denne ligg framleis ute i NRK sitt arkiv. Trykk på biletet for å sjå episoden.

Torsdag 11. juli i år stod dei næraste i samla flokk rundt Trygve i denne heimen. Hill hadde allereie lagt handa si forsiktig på hjarta hans då han brått kikka opp, smilte og sa: «Hei!» før han tok det siste andedraget sitt. Eit hei blei eit farvel, og kanskje var dette farvelet eit hei til ei ny verd. Denne verda mista iallfall ein god mann med eit føredømeleg spel med Trygve K. Vågen.

Minneordet stod på trykk i Folkemusikk 4/2024.