Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Bakgrunnen er at opplæringstilboda innanfor folkemusikk i Hallingdal kan bli betre. Mykje av aktiviteten og rekrutteringa har gått føre seg på Hugnadheim i regi av eldsjelene Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr, som har teke på seg dette ansvaret gjennom mange år.
Fram til mai 2026 skal Søgnen jobbe to veker i månaden med å finne ut av korleis ein skal sikre framtida for Folkemusikk-Hallingdal.
– Det er nokre få tilbod i offentleg regi på Gol og i Ål. Folk utanfor dalføret tenkjer nok at situasjonen i Hallingdal er god, sidan dei som er aktive, gjer det godt på kappleik. Utanom dei aktive kappleiksdeltakarane er det eit lite miljø, og det er lite breidde i tilbodet. Målet er no å få dette inn i faste rammer slik at det blir eit berekraftig tilbod.
For å få det til å gå rundt har Martin og Gunnlaug Lien Myhr i ei årrekke søkt om prosjektmidlar. Det er ikkje sikker finansiering, og det ligg mykje arbeid bak dette. Det er ikkje berre at dei har drive sjølve opplæringa, dei har søkt, rapportert, marknadsført og organisert.
– Har det vore ei kvilepute for politikarane og kulturskulen at miljøet på Hugnadheim har gått i bresjen for opplæring innanfor folkemusikk- og dans?
– Ein kan kanskje seia det slik, men det er sårbart å berre lene seg på enkeltpersonar. Martin og Gunnlaug har fått til svært mykje, men det er ikkje noko dei kan drive med for alltid. Dei har jobba i mange år med å løfte dette opp for å få til ein struktur der ulike aktørar kan vera med på samarbeidet.
No har politikarane i Ål og i Buskerud fylkeskommune vore med og finansiert prosjektstillinga til Søgnen. Det har vore ei arbeidsgruppe som har jobba godt med eit forprosjekt før stillinga vart lyst ut.
– Folkemusikk-Hallingdal er organisert i lokallag kommunevis og med Buskerud folkemusikklag som regionlag. Har de vurdert andre måtar å organisere dykk på ?
– Buskerud folkemusikklag gjer ein god jobb, men det er eit stort område dei skal dekke. Eg tenkjer det er bra å starte med at lokallaga i Hallingdal samarbeider om diverse arrangement. Det er viktig å få med både politikarar, lokale folkemusikarar- og dansarar, eldsjeler, andre relevante samarbeidspartnarar, lokallaga og andre frivillige.
Trivsel i lærarrolla
Vinteren 2025 blir det starta langeleiktilbod på Gol i regi av Gol spel- og dansarlag og Hallingdal juniorspelemannslag med Søgnen som lærar. Før jul var ho på Gol skule og viste fram langeleiken.
– Det er litt utfordring å bla opp fleire instrument, difor har me sett eit makstal på seks stykk.
Ho underviste i langeleik då ho studerte i Rauland. Der vart det kjøpt inn langeleikar laga av Oddrun Hegge, i tillegg til at ein fann nokre ubrukte leikar i kulturskulane i området.
– Det er ikkje noko inspirerande å spela på dårleg instrument, iallfall viss det er vanskeleg å stemme.
Søgnen synest sjølv det er veldig artig å vera lærar. Ho peikar på at rekrutteringsarbeid er nokså personavhengig, At ein sjølv synest det ein held på med er moro, er viktig for å vekke motivasjonen hjå elevane.
Ho har vore ein del av Hugnadheim-miljøet sjølv sidan barneåra. Det begynte med at storesystera hadde lyst til å spela fele. Dermed vart Søgnen som 8-åring med på juletrefest på Hugnadheim. Der såg ho nokre eldre jenter, systrene Myhr med fleire, som spelte langeleik.
– Det er veldig tilfeldig at eg begynte, men etter den juletrefesten sa eg til mamma og pappa at eg ville begynne å spela langeleik. Då fekk eg privattimar hjå Gunnlaug. Det fyrste kurset mitt var barne- og ungdomssamlinga i Prestfoss, og seinare var eg med på både Ministrunk og Strunkeveko.
Folkemusikkboom hjå hallingar i Oslo, men ikkje i Hallingdal enno
Storhelga på Torpo kvar haust set stadig nye rekordar, men dei fleste som er på Storhelg, er frå Oslo eller andre stader, peikar Søgnen på.
– I storbyane er det så mykje på gang. Eg er optimistisk og trur Hallingdal kan få til stor aktivitet slik som i byane. Det er mykje inspirasjon å hente frå både byar og andre regionar.
I Hallinglaget i Oslo kjem det med mykje folk som aldri har drive med folkemusikk før, og Tuvas Blodklubb har stappfulle hus helg etter helg. For å få bygd eit miljø er det viktig med felles aktivitetar på tvers av instrument og dans.
– Me som spelte langeleik fekk vera med og eta lunsj med dei på hardingfele då var med i Hallingdal juniorspelemannslag. Storhelg, Strunkeveko og slike ting er viktige for å bygge miljø og få elevane til å halde fram.
Etter Landskappleiken på Gol har fleire fått augo opp for heile miljøet, trur Søgnen. Ho vil at alle som veks opp i Hallingdal i dag, skal bli kjende med folkemusikken. Ein bør difor prøve å fjerne terskelen for å oppsøke kurs og festar i folkemusikkmiljøet.
Bygge kompetansemiljø
Søgnen har kontor på Tingstugu i Ål. Der er det ikkje langt til andre kulturinstitusjonar i den sterke kulturbygda. Ho kan samarbeide både med Solfrid Nestegard Gjeldokk i Folkemusikkveka og Rannveig Øygardslia på dansescena Sprang.
– Eg trur absolutt me kan få til noko bra saman.
– Kva er målet på lang sikt?
– Målet er at alle skal kunne drive med folkemusikk og folkedans uavhengig av kva for kommune i Hallingdal ein bur i. Uansett kva for tilbod me får på plass, så er det viktig at ein serverer det ut til dømes gjennom skulen, i staden for at ungane må oppsøke det sjølve. Det er viktig med eldsjeler og dei frivillige laga, og at det også der er tilbod for enkeltelevar og felles møtepunkt.
Søgnen har mange idear om korleis ein kan få til det. No i oppstartsperioden har ho lagt vekt på å kartlegge kva som fungerer og ikkje fungerer andre stader. Ho har prata med Valdres, Sunnfjord, Hardanger og Voss for å høyre kva ein kan ta med som inspirasjon for Hallingdal del.
– Det er fint at dei vil dele erfaringar. Samtidig er det viktig at me tilpassar det forholda lokalt her i Hallingdal.
Per dags dato kan elevane på Gol velja hardingfele og kveding, elevane i Ål velja hardingfele og toradar, og i Hemsedal er det eit folkedanstilbod. I dei tre andre kommunane, Hol, Nesbyen og Flå er det ikkje noko folkemusikktilbod i kulturskulen. Men kulturskulane i Hallingdal har eit regionalt gruppetilbod som heiter «KvedarRekrutten» med 10 samlingar i løpet av skuleåret 2024-25 på Hugnadheim, Torpo.
Søgnen meiner det bør vera sjølvsagt at elevane i Hallingdal kan få til breitt tilbod i ulike instrument og ikkje minst i pardans og lausdans.
– Målet er ikkje at alle skal bli profesjonelle utøvarar, men at hallingar kan vera ein del av eit felles miljø som styrker det sosiale samhaldet og gjev ei kjensle av å høyre til. Og at dei får kjenne på det unike med folkemusikkmiljøet: at ein har det artig i lag på tvers av generasjonar.
Hovudmålet er dermed at ein skal kunne få moglegheit til å få opplæring i folkemusikk og folkedans uansett kor ein bur hen i Hallingdal.