Tekst: Kjellbjørn Karsrud

– Vi må jo feire da! seier Størseth når Folkemusikk treffer han på telefon. Dette er tredje året hans som leiar av Folkemusikktreffen.

– Kva er høgdepunkta på årets program? 

– At folk møtest og har det bra, men sjølve hovudmarkeringa er jubileumskonserten på fredagskvelden. Vi har med fleire forskjellige utøvarar, blant anna dansarar i Vågå fødde etter 1985. 

Der kjem dei også til å vise bilete og filmar, i tillegg til at ein får innblikk i historia gjennom 40 år. 

– Kva gler du deg mest til i helga?

– Heile helga i grunn. Eg gler meg særleg til jubileumskonserten på fredagskvelden, sjølv om eg nok ikkje får med meg heile, for eg skal vera med og spela saman med spelemannslaget. 

Størseth fortel at dei i tillegg skal ha kurs på skulen frå 10-12 på laurdagen. Kurset skal vera for alle, det er gratis, og ein kan dukke opp utan å melde seg på på førehand. Her kan ein lære seg pols, springleik, gamaldans eller halling. I fjor var det nesten 100 deltakarar, glede på dansekurs i fjor. 

– Det var stor glede på dansekursa i fjor. Det er artig at folk kjem der og har lyst til å lære å danse folkedans. Pols blir det høve til å danse når den kjente gruppa Småviltlaget kjem for å låte til dans på kvelden. 

– Ja, det blir sikkert mykje god dansemusikk på hotellet også i år?

– Eg håpar det kjem mykje folk og svingar seg til dans på hotellet! Det blir mykje variert musikk, og vi køyrer dans på to dansegolv. Dansespellistene er alt fylte opp, og det skal vera noko for ein kvar smak. 

– Kva trur du Folkemusikktreffen har hatt å bety for folkemusikkinteressa i Vågå? 

– Den har hatt veldig mykje å seia. Eg håpar og trur at dei har vore med på å gjera interessa for folkemusikk stor her i bygda. 

Vågå spel- og dansarlag har kursing for femteklassingane for å lære folkedans. Dei har også prosjekt inn mot ungdomsskulen for å ta oppatt det dei har lært i femteklasse. 

– Det er mykje som skjer for unge generelt i dag, og vi kjempar jo for å få fleire inn i miljøet. Men klarar vi å nå inn med folkemusikken i skulen slik at dei seinare kan koma og danse på hotellet, så har vi greidd å gjera dette tilgjengeleg for fleire. Vi prøver også å arrangere dansekveldar gjennom året. Eg håpar og trur at det er ein del på gang. 

Det blir mykje god dansemusikk på Folkemusikktreffen, blant anna arrangørlaget. Høyr Vågå spelmannslag i opptak frå Landsfestivalen i Vestnes her. Trykk på biletet for å sjå og høyre opptaket.

– I år har de med kappleik for fyrste gong. Kva er tanken bak dette?

– Vi vart kontakta og spurt om dette kunne vera ein ide. Gudbrandsdalskappleiken har ikkje vore arrangert på nokon år. Eg tenkte i utgangspunktet at det blir for mykje, det er mykje som skal på plass på ein kappleik. Etter å ha drøfta det litt kom vi fram til at vi skulle prøve noko nytt no som det var 40-årsjubileum. 

Dermed bytta dei ut mønstringskonserten med kappleik. Dei har hatt ei nemnd som har jobba med dette. 

– Det å ha ein scene der unge får lov til å prøve seg med dommarar framfor seg er viktig før dei får prøvd seg på ein landskappleik. Eg håpar det blir ei sosial greie i tillegg til at det kjem folk og ser på. 

Det er 50 startnummer på kappleiken og rundt 100 individuelle deltakarar. Dei startar laurdag klokka 12 og satsar på å gjennomført det på fem timar for å unngå kollisjon med det som skjer utover kvelden. Det er jubileumsmiddag på hotellet klokka 7, og seinare utpå kvelden premieutdeling same stad. Størseth vil oppmode alle til å ta turen til å ta turen til Vågå i helga. 

– Det var synd at det vart kollisjon med Dans, dans, dans i år, men det er generelt positivt at det er mykje som skjer rundt om kring i landet!