Tekst: Johanne Flottorp

Gro Marie Svidal, Sarah-Jane Summers og Anne Hytta held alle på med kunstnarisk utviklingsarbeid som stipendiatar ved Musikkhøgskulen. Dei er knytt til NordART-senteret, der Ellen Ugelvik er leiar.

- Det er heilt unikt i internasjonal samanheng at me har tre av landets fremste tradisjonsmusikarar på eit Ph.d-program samstundes. Innan forskings- og utviklingsarbeid i musikk er folkemusikk heilt i front nå, fortel ho. 

Ugelvik meiner at spørsmåla som blir reist i desse prosjekta er høgst relevante for musikkfeltet generelt, ikkje berre for folkemusikkfeltet.

Sjå programmet her. 

Anne Hytta skal ha midtvegsevaluering av prosjektet sitt. Foto: Agnete Brun.

På forskingsfestivalen ved NMH blir det konsertar, samtalar og syning av ting som er i prosess. Mellom anna skal Anne Hytta ha midtvegsevaluering av prosjektet sitt «Rive laus og brote sond. Gamle byggeklosser til gjenbruk» saman med opponent Sigbjørn Apeland. Gro Marie Svidal skal saman med Ole-Henrik Moe og Kari Rønnekleiv vise fram «Lende – førespel i prosess», medan den siste stipendiaten Sarah-Jane Summers skal ha open prøve saman med Quator Bazzini og Juhani Silvola. 

Gro Marie Svidal har fokus på førespel. Foto: Roger Vie Hansen.

Ugelvik seier målet med festivalen er å feire folkemusikken og korleis forsking innan kunstnarisk utviklingsarbeid bidreg til kunnskapsdeling gjennom utøvande musisering. 

- Mykje av det som skjer når ein speler eller syng kan vere vanskeleg å sette ord på. Her får publikum oppleve ulike perspektiv på det. Utøvarane våre fortel om erfaringane sine, slik at me kan lære av dei, seier ho. 

I tillegg til alt stipendiatane skal gjere, er programmet fylt av bidrag frå studentar, lærarar og gjester. Det er gratis og ope for alle og blir avslutta med open scene onsdag kveld.