Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Kvifor dansar du? Kor ofte driv du med dette? 

Eg har spelt fele og torader på barneskulen, men det var dansen som sette seg hjå meg. Det har vore friplassen min, sjølv om eg har teke utdanning i dans. Eg jobbar ikkje utøvande med dansen i like stor grad lenger, men kan gå attende til han og ha stor glede av han.  

Det er kjempevarierande kor ofte eg dansar. På «Dans, dans, dans» var det kvar dag. Eg bur i Oslo no, og det skjer mykje på Riksscenen. Det er også artig i leikarringen. Denne veka var eg på gamalpolskurs der med Vegar Vårdal. Det var tøffe greier!  

Kven er dei fremste læremeistrane dine?  

Det er fleire eg vil nemne. Ola Grøsland er den eg har dansa mest med. Men eg må også trekke fram mamma og pappa og bestemor. Eg har vakse opp med mykje gamaldans.  

Live Visdal og Ola Grøsland dansar i Dans fele B under Landskappleiken i Vågå i 2019.

Gamaldansgruppa til far til Live, Jan Visdal.

Kjersti Gangsø er primus motor i Vågå, og kjempeflink til å få sett i gang ting, så ho har eg lært mykje av organisatorisk i tillegg til dansen.  

Eg var elles med i Bygda dansar i Oppland, Lea De. Der hadde eg Stian Roland og Sigurd Heide, dette var kjempeviktig for meg. Eg har støtt vore innanfor miljøet, men då følte eg at eg fekk ei skikkeleg god, solid base. Dei fleste av oss som var med på dette prosjektet driv med folkemusikk og folkedans i dag.  

Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?  

Det var Madam Jam sin singel Bipolka! Eg var på konsert med Madam Jam på Riksscenen og det var eitt av dei betre dansegolva eg har vore på. Frykteleg artig!  

 Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las? 

Det er ei veldig fin bok av Helga Flatland som heiter Etterklang. Det var ei bok som kan vera for folk som enten er interesserte i folkemusikkarven eller bygd/by-identiteten som eg kjenner ekstra på etter at eg flytta til Oslo.  

Kva var den siste folkemusikkonserten du var på?  

Laurdagen på «Dans, dans, dans» var det dansekonsert med Kvarts.  

Kva for folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år? 

Det er mange! Vinterfestivalen i Rauland ser fantastisk artig ut, eg kom meg ikkje dit i år, men eg vil teste han ut neste år. Eg gler meg også stort til Landskappleiken og Landsfestival. Det er årets høgdepunkt!  

Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut? 

Eg vil gjerne ha innspel på gode arkivopptak sjølv. Eg er ikkje så flink på å bruke dei aktivt, men det er artig å sjå på med andre. Egil Bakka har vore fleire runder i Vågå på 70-talet, og det var artig å sjå på. Der var tanta mi konfirmant og var med og dansa.  

Eg vil tipse om programmet «Springleiken frå Gudbrandsdalen». Der ser ein at det er ganske stor variasjon innan dei ulike bygdene i Ottadalen.  

Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk? 

Det var hallingspringartrioen med Ulf-Arne Johannesen, Margit Myhr og Ingunn Stræte Lie med Hekate som dansespelarar. Akkurat den dansen bergtok meg! Det var noko heilt spesielt med den framføringa. Det er nok difor eg er så glad i musikk og dans, det er det ordlause. Ein blir gripen med utan ein forstår heilt kvifor. Samspelet var heilt fantastisk!  

Kva er den største kappleiksopplevinga di? 

Eg har vakse opp med Landsfestivalen, og meisterkonserten har vore viktig der du får all den gode gamaldansen frå heile festivalen på rekke og rad. I tillegg er det knytt stor spenning til kven som vinn, så det blir ei heilt spesiell stemning. 

Kva for ynskje har du for folkemusikken og -dansen i 2025? 

Eg håpar at endå fleire får sjå kor artig det er å drive med folkemusikk og folkedans! Det unner eg alle saman. Enten å vera publikum på ein konsert eller vera med på eit kurs.  

Eg håpar dansen kan få ein endå meir naturleg plass i kulturskulen og barneskulen. Eg har vore med og hatt folkedans i Vågå og Lom i femteklasse i mange år. Det er så viktig at vi får musikk og dans inn på timeplanen.  

I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?   

Eg vil oppmode folk til å koma og delta i debatten!